Utgreiing av den geomorfologiske og kvartærgeologiske historia i Austrepollenområdet, samt vurdere skredfare og eventuelle sikringstiltak ved to planlagde tunnelpåhogg i Austrepollen, Kvinnherad kommune
Dette prosjektet er Sverre Soldals masterprosjekt med tilknytning til Institutt for geovitenskap, UiB, samt medveiledere fra Vestland Fylkeskommune. Studenten har i dette tilfellet selv designet og utviklet sitt eget masterprosjekt sammen med bidragsyterne. Sverre er også sterkt engasjert i GEOs senter for fremragende utdanning, iEarth.
Hovedinnhold
Prosjektbeskrivelse
Vestland Fylkeskommune planlegg ein tunnel på Fv 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen i Kvinnherad kommune. Tema for dette masterprosjektet er å vurdere skredfare og eventuelle sikringstiltak for to aktuelle område for tunnelpåhogg i Austrepollen.
Grunnlaget for oppgåva er geologisk kartlegging i Austrepollen og tilgrensande område. Det vil verte mest vekt på kvartærgeologisk kartlegging, men òg den berggrunnsgeologien som er relevant for å vurdere skredrisiko skal undersøkjast. I området skal den geomorfologiske utviklinga gjerast greie for, og lausmassefordelinga, med vekt på utbreiinga er morene, glasifluviale og fluviale avsetningar, skal kartleggjast fordi dette kan ha innverknad på fokusområda. Det er òg ei rekkje skredvifter i området. Ei nærare kartlegging og undersøking av desse viftene skal fokusere på å studere skredtypar, skredprosessar, skredfrekvens og mogleg kopling til tidlegare klimavariasjonar og vêrhendingar.
Modellering av skred og steinsprang skal deretter nyttast til å laga eit faresonekart over dei to tunnelpåhogga. Rockfall og RAMMS er aktuelle modelleringsprogram å nytte som supplement for denne risikovurderinga. Eit delmål med dette masterprosjektet er å kunne vurdere og foreslå moglege sikringsmetodar og -tiltak, samt å gjere kost/nytte-vurderingar av tiltaka i dei to planlagde tunnelpåhoggsområda. Den vitskaplege problemstillinga med masterprosjektet er: Utgreiing av den geomorfologiske og kvartærgeologiske historia i Austrepollenområdet, samt vurdere skredfare og eventuelle sikringstiltak ved to planlagde tunnelpåhogg i Austrepollen, Kvinnherad kommune.
Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV205 GIS 10p
GEOV228 Geokronologi 10p
GEOV226 Lab og metodekurs i kvartærgeologi
GEOV300 Utvalde emne 5p
GEOV322 Masterekskursjon 5p
AG-346 Snow and Avalanche Dymanics 10 p eventuellt GEOV326
GE481 Ingeniørgeologi og overvåking av ustabile fjellpartier 10p
Særskilte krav for opptak til prosjektet
Vand til å ta seg fram i ulendt terreng.
Eksterne data
Kartdata frå Vestland Fylkeskommune
Felt- lab- og analysearbeid
Kvartærgeologisk kartlegging av området+ kartlegging av aktive skredprosessar - 3 veker i felt
Analysar av sedimentprøvar frå feltarbeid- kornfordeling og datering- inntil 1 månad
Modellering for å teste hendingsforløp-2 veker
Modellering av faresonekart - 1 veke
Eventuell modellering/vurdering av sikringstiltak- 2 veker