Vitskaps-symposium for Geofysisk Institutt
Geofysisk Institutt er hundre år i 2017, og i oktober vart jubileet markert med eit vitskapleg symposium om klima, energi og geofysikk
Hovedinnhold
Den 2. og 3. oktober arrangerte Geofysisk Institutt eit vitskapleg symposium som eit ledd i feiringa av sitt eige hundreårsjubileum i 2017. I løpet av to svært interessante og lærerike dagar, bidrog både studentar og tilsette ved Geofysisk Institutt, samt internasjonale ekspertar, med engasjerande innlegg om dei ulike fagfelta som det dagleg vert jobba med på instittutet.
Instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø opna den første dagen av symposiet med å fortelja litt om GFI si historie og instituttet si rolle i dag. Han takka programkomiteen beståande av Peter Haugan, Christoph Heinze og Linda Vagtskjold for deira bidrag til å sette saman eit spanande program, i tillegg til rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, for institusjonell og økonomisk støtte.
Resten av dagen innehaldt føredrag med fokus på dei fire forskingsgruppene ved Geofysisk Institutt: meteorologi, oseanografi, biokjemi og klimadynamikk. Tilhøyrarane fekk servert inspirerande føredrag frå internasjonale ekspertar, eit innblikk i kva dei fire forskingsgruppene bidrar med, og utvalte forskingshøgdepunkt frå tilsette ved GFI.
Dag to markerte startskotet for den nye satsinga for Universitetet i Bergen innan klima- og energiomstilling. Dekan ved det Matematiske og Naturvitskaplege Fakultet, Helge K. Dahle, påpeika geofysikken si rolle både i å finne ut korleis ein kan utvinne olje, at dette ikkje er bra for klimaet, og korleis ein kan løyse problemet.
Gjennom dagen vart det sett på klimaforsking og energiomstilling si rolle i samfunnet. Ein fekk forklart korleis klimasystemet verkar, og den menneskelege dimensjonen ved klimaendringane. Nyare forskingsaktivitetar innan fornybar energi ved GFI vart presenterte, i tillegg til ein relativt optimistisk visjon om framtidas energisystem frå DNV GL.
Symposiet vart avslutta med ein paneldebatt om klimautfordringa og energiomstillinga, leia av Anne Jortveit. I panelet satt Dag Rune Olsen (UiB), Gunnar Eskeland (NHH), Jannicke Hilland (BKK), Bjørn Haugland (DNVGL), Ragnhild Freng Dale (Stipendiat v/ University of Cambridge) og Sølve Sondbø (Klima og naturressurssjef v/ Hordaland Fylkeskommune).
Arrangementet vart strøyma direkte. Lenkjer til opptak av dei mange interessante presentasjonane finn du i nedtrekkmenyen under. Her ligg også lenkjer til PDF-versjonar av posterpresentasjonane som vart haldt under lunsjpausen på dag ein.
Lenkjer til streaming og posterpresentasjonar
2. October - Meteorology, Oceanography, Biochemistry and Climate Dynamics
Welcome to day 1
- Greetings by GFI Head of Department Nils Gunnar Kvamstø
- Greetings by Rector Dag Rune Olsen
- Greetings by student representatives Kjersti Konstali and Kristin Svingen
- Introductory talk: What is Geophysics and what is it good for? - Jens Hesselbjerg Christensen
- GFI from its origins to its shape today - Magnus Vollset
Meteorology
- Key note: Present state of meteorology in a historical perspective - Heini Wernli
- Overview of what team contributes from GFI Meteorology group - Harald Sodemann
- Highlight: Development in field measurements, research and education - Line Båserud and colleagues
Physical oceanography
- Key note: Warm winters, thin ice? - Julienne Stroeve
- Overview of what team contributes from GFI Physical Oceanography group - Lars H Smedsrud
- Highlight: Role of ocean heat in the 'new Arctic': Observations from the Yermak Plateau - Algot Peterson
Biogeochemistry
- Key note: The global carbon cycle - natural versus human induced fluxes - Nicolas Gruber
- Overview of what team contributes from GFI Biogeochemistry group - Are Olsen
- Highlight: Carbon uptake in the subpolar North Atlantic - long term trends and drivers - Friederike Fröb
Climate dynamics
3. October - Climate and Energy Transformation
Welcome to day 2
- Welcome and introduction to UiB Climate and Energy Transformation - Dean Helge Dahle and GFI Head of Department Nils Gunnar Kvamstø
- Climate research at UiB and its role in society - Camille Li
- Climate and energy transformation from a social science perspective - Håvard Haarstad
- Renewable energy and energy transformation - Finn Gunnar Nielsen
Understanding climate and the human dimension
- Key note popular lecture on climate system science - Christoph Heinze
- Key note popular lecture on the human dimension of climate change - Kjersti Fløttum
Energy transformation
Paneldebatt om klimautfordringen og energiomstillingen (På norsk)
- Oppsummering av konferansen og spørsmål til panelet - Peter M Haugan
- Styrt paneldiskusjon (debattleder Anne Jortveit) med spørsmål/kommentarer fra salen. Panel: Dag Rune Olsen (UiB), Gunnar Eskeland (NHH), Jannicke Hilland (BKK), Bjørn Haugland (DNVGL), Ragnhild Freng Dale (Stipendiat v/ University of Cambridge), Sølve Sondbø (Klima og naturressurssjef v/ Hordaland Fylkeskommune) på norsk
- Avslutning ved instituttleder GFI Nils Gunnar Kvamstø og rektor Dag Rune Olsen
Posterpresentasjoner
- Anne Morée: South Ocean controls of marine Dd13C - a modelling study
- Kjersti Opstad Strand: Geophysics and Northeast Arctic cod
- Håvard Vindenes: Analysis of tidal currents in the North Sea from shipmounted ADCP data
- Astrid Fremme: Moisture Sources, Moisture Transport and Recycling in the East Asian Monsoon
- Kjersti Birkeland Daae: Antarctic Ice Shelves and Warm Ocean Currents
- Leonidas Tsopouridis: Influence of the Gulf Stream Sea Surface Temperature Front on the Evolution of Storms
- Yongbiao Weng: Stable Isotope Signature of a Land-Falling Atmospheric River in Western Norway
- Lander Rodriguez Crespo: Role of Air-Sea-Land Interactions in Tropical Atlantic Seasonal Cycle
- Morven Muilwijk: Atlantic Water variability in the 20th century Arctic Ocean from observations and a global ocean model
- Johannes Dugstad: Observing mass exhange in the Lofoten Basin using surface drifters
- Ailin Brakstad: Water mass transformation in the Greenland Sea during the period 1986-2016
- Patrik Bohlinger: Extreme Precipitation in Nepal - Key Processes
- Takamasa Tsubouchi: The Arctic Ocean volume and heat transports in 2004-2010
- Lusha Yu: The Lofoten Basin Eddy: three years of evolution as observed with Seagliders