Hjem
Geofysisk institutt
News

Master i energi - Nytt studietilbod i 2012

I august startar det fyrste kullet masterstudentar i energi på utdanninga si. Vil du vere ein av dei? Vi tilbyr fire studieretningar og ei lang rekkje tema.

Foto/ill.:
SUCCESS, Statoil

Hovedinnhold

Behovet for energi aukar, vi treng nye energikjelder og teknologi som gjer at vi nyttar han betre. For å finne nye løysingar treng vi fleire naturvitarar. Studentar med gode kunnskapar i matematikk og fysikk eller kjemi får no ein moglegheit til å ta ein mastergrad i energi i Bergen. Innan fristen 15. april ynskjer vi mange søknader frå studentar i ulike fagfelt.

I desember 2011 godkjende Universitetsstyret fakultetet sitt forslag til eit nytt masterprogram i energi. Den faglege breidda innan energiforsking er stor ved fakultetet vårt, og spenner frå bioenergi, batteriteknologi og utforsking av nye materialer til geotermisk energi, vindkraft og energianalyse og -optimering. Det ynskjer vi nå å gjere meir synleg også i utdanningstilbodet. For å styrke teknologisida og komplettere programmet er Høgskolen i Bergen (HiB) ein viktig partner. HiB vil gje undervisning innan aktuelle tema knytt til termiske maskinar. Dei vil også yte rettleiing innan temaet.

Det er eit solid og breitt samansett fagmiljø som stiller seg bak masterprogrammet. Vi vil gjerne ha DEG med på å løysa framtidas utfordringar.

Fire studieretningar

  • CO2-handtering

Den som har mastergrad i energi, med studieretning CO2-handtering, skal ha ein omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta lagring, overvåking, tryggleik, separasjon, fangst og CO2 som materiale for syntese.

  • Energiteknologi

Den som har mastergrad i energi, med studieretning energiteknologi, skal ha ein omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta materialteknologi, utvikling av nye typar batteri og brenselceller, nye kjelder for energi, termiske maskinar, energieffektivisering eller syntese av nye materialar for anvending i energiteknologi.

  • Fornybar energi

Den som har mastergrad i energi, med studieretning Fornybar energi, skal ha ein omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta bioenergi, bølgje- og tidevassenergi, energianalyse og -optimering, geotermisk energi, vindkraft og solenergi.

  • Kjernekraft

Kandidatar som har fylgt studieretning i kjernekraft har ei solid kompetanse både innan teoretisk kjernefysikk så vel som energikonvertering og reaktorar. Den som har mastergrad i energi, med studieretning Kjernekraft, skal ha ein omfattande kunnskap om og dugleik innan eit eller fleire av felta fjerdegenerasjonsreaktorar, forbrenning av kjerneavfall og akseleratordrivne reaktorar.

 

Karriera etterpå

Kandidatar som har studert energi er etterspurte på arbeidsmarknaden. Ulike samarbeidspartnarar har allereie signalisert at dei ser svært positivt på at universitetet no har etablert eit nytt masterprogram der energi står i hovudsak.

 

Spørsmål?

Masterprogrammet i energi er koordinert frå Geofysisk institutt. Har du spørsmål kan du sende ein e-post til energimaster@gfi.uib.no Vil vil svare deg så fort vi kan.