Hjem
Geofysisk institutt

Studere meteorologi, oseanografi og klimadynamikk?

Frist for å søkje er 15. april.

GFI-studenter i felt
GFI-studenter i felt
Foto/ill.:
Joachim Reuder, Beathe Tveita, Tor de Lange, Olga

Hovedinnhold

Er ekstremvêr eit resultat av klimaendringar? Kan all isen på jorda smelte, og kva skjer i tilfelle da? Kva vil globale klimaendringar ha å seie for klimaet i Noreg? Kva har forholda og rørslene i havet å seie for torskebestanden?

Stormkast, havstraumar, regnbyger, snøskred, CO2-opptak og hetebølgjer - det er fysikk alt saman.

Meteorologi omfattar studiet av vêrsystem, fysiske prosessar i atmosfæren, klima og klimaendringar. Fagområdet oseanografi omfattar studiet av ulike fenomen i havet og dei fysiske og kjemiske eigenskapane til sjøvatn. I både meteorologi og oseanografi bruker vi dei fysiske lovene, slik dei er formulerte i matematiske likningar, for å skildre og forklare fenomen i naturen.

Søknadsprosedyre

Fristen for å søkje er 15. april.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi byggjer på Fysikk 1+2 og Matematikk R1+R2. Desse faga er ein føresetnad for å følgje tilrådd studieplan. Dersom du ikkje har Matematikk R1+R2 må du rekne med å utvida studietida med eitt år.

Ta gjerne kontakt med studierettleiar dersom du har spørsmål: studierettleiar@gfi.no