Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet | Forskning

Ny UiB-studie viser klar samanheng mellom måltidsvanar og kalorinivå

Ny forsking frå UiB viser at etevanar og seine måltid kan føre til eit hopp i kalorinivået, utan at vekta nødvendigvis går opp. – Vi fann ein tydeleg skilnad i kaloriinntak ut frå når på dagen deltakarane åt, seier forskar Cathrine Horn.

Kjøleskap i mørkt rom
Foto/ill.:
Nrd/Unsplash.com

Hovedinnhold

Som førebuing til ein toårig kosthaldsstudie, har forskarar ved Mohn ernæringsforskningslaboratorium ved Klinisk institutt 1 og 2 på UiB og Haukeland samla inn kostdata frå oppimot 200 personar mellom 20 og 55 år med fedme i Bergens-området.

Kriteria for å delta var ein BMI på over 30, eller eit midjemål som vert klassifisert som fedme.

Forskarane har no publisert ein første artikkel i tidsskriftet British Journal of Nutrition basert på funn frå datainnsamlinga. Artikkelen har tittel «Meal patterns associated with energy intake in people with obesity».

Kartla alle måltid

I løpet av ein periode på seks dagar, måtte deltakarane rapportere i detalj både kva dei åt og drakk gjennom heile dagen, og tidspunkt for kvart måltid. Alt frå brødskiver til grønsaker og snacks vart registrert i eit digitalt skjema.

Matvarene vart så delt inn i ulike matvaregrupper for å undersøke måltids- og kostmønster. Også trening og anna aktivitet vart kartlagt.

– Andre studiar har gjerne sett på enkeltmåltid. Vi ønskja å danne oss eit meir komplett bilete av kosthaldet, både gjennom val av matvarer og måltidsmønstre, seier PhD-stipendiat og ernæringsfysiolog Cathrine Horn ved UiB.

Ho fortel at deltakarane ønskja å få til ei endring i kosthaldet i løpet av den toårige kosthaldsstudien, og dermed hadde ein stor motivasjon for å delta i kartlegginga.

«Nattetarane» skilde seg ut 

Forskarane jobba ut frå ein hypotese om at dei kom til å sjå store skilnadar i måltidsrutinane og val av matvarer. Dei gjekk også ut frå at dette ville vere assosiert med kroppsform og midjemål. Altså at dei med høgast kaloriinntak ville vere dei med høgast vekt.

Rapporteringa var i stor grad basert på tillit mellom deltakarane og forskargruppa.

– Mitt inntrykk er at folk er veldig ærlege. Vi kan i stor grad stole på at dei registrerer det dei har ete. Det var på ingen måte fråvær av øl og sjokolade, seier Horn.

Forskarane brukte matematiske metodar til å analysere alle dei innsamla dataene systematisk. Dei fann i alt fem ulike mønstre som gjekk igjen for kor tid folk flest et måltida sine («Midnight-eaters», «regular-eaters», «supper-eaters», «lunch-eaters» og «dinner-eaters»). 

Eit av hovudfunna i studien var at såkalla «midnight-eaters», det vil seie dei som et frå klokka 22 på kvelden til 02 på morgonen, hadde eit mykje høgare kalorinivå enn dei andre gruppene.

– Vi fann ein tydeleg skilnad i kaloriinntak ut frå når dei åt. «The midnight eaters» hadde nesten 500 meir kaloriar enn tre av dei andre gruppene, fortel Horn.

Forskaren trur ei forklaring kan vere at val av matvarer gjerne er annleis for dei som et på nattetid, til dømes gjennom høgare inntak av alkohol eller sukkerhaldige varer. Ho trur derfor det er viktig å vere spesielt obs på dei seine måltida når ein skal kartlegge kosthaldet hjå personar med fedme. 

Fann ikkje samanheng med vekt

Forskarane fann derimot inga kopling mellom måltidsmønster og kroppssamansetning (vekt og midjemål), slik dei trudde på førehand. Eller sagt på ein annan måte; vekta gjekk ikkje nødvendigvis opp, sjølv om kaloriinntaket auka.

– Det kan henge saman med at energiforbruket er annleis enn det vi har rekna i våre formlar. Eller det kan vere hormonelle endringar eller andre biologiske mekanismar som spelar inn, seier Horn.

Ho seier at funna likevel var delvis i tråd med hypotesen om skilnadar i måltidsmønster. Funna kan tale for at fedmeforskinga burde flytte meir fokus over på kva tid og korleis ein ét og ikkje berre kva.

– Ein bør gjerne sjå meir på tidspunkt, måltidsrytme og vanar heller enn enkeltnæringsstoff og enkeltmatvarer. Det er viktig å vere bevisst på at folk med fedme har ulike kostvanar, seier UiB-forskaren.   

Dei 200 bergensarane har no vore med vidare i eit forskingsopplegg der ein mellom anna har sett nærmare på karbohydratar, lavkarbo-diett, magefett og endring i appetitt. 

Klikk på lenka under for lese heile artikkelen i British Journal of Nutrition: 

https://www.cambridge.org/core/journals/british-journal-of-nutrition/article/meal-patterns-associated-with-energy-intake-in-people-with-obesity/B7CCA4A0E8D3C606BD288DFEFF2E99F6 

Les også omtale av studien i NRK