Hjem
Det medisinske fakultet

Sentral rolle for fakultetet i nasjonal strategiprosess

Fleire tilsette ved fakultetet tek del i HelseOmsorg 21 - ei strategigruppe med ansvar for å utvikle ein forskings- og innovasjonsstrategi for helse- og omsorgssektoren.

Hovedinnhold

Dekan Nina Langeland i toppleiarforum:
HelseOmsorg21 er ein nasjonal strategiprosess som skal være ferdig og leggast fram for Helse- og omsorgsdepartementet innan sommaren 2014. Dekan Nina Langeland er med i toppleiarforumet, som skal være ein varig dialogarena og ha oppfølgingsansvar for strategien.


Mange deltakarar i arbeidsgruppene:
Det er oppretta fem arbeidsgrupper som skal levere del-strategiar. Kvar arbeidsgruppe skal utarbeide ein rapport innan sitt tematiske arbeidsområde, og desse vil danne grunnlaget for den vidare utviklinga av strategien.

I arbeidsgruppene finn ein fleire representantar frå Det medisinsk-odontologiske fakultet: 

Professor James Lorens (Institutt for biomedisin) er del av arbeidsgruppa for næringsutvikling (AG1).

Professor og instituttleiar Rolf K. Reed (Institutt for biomedisin) er leiar for arbeidsgruppa med ansvar for forskingskvalitet og internasjonalisering (AG2). I denne gruppa deltek også professor og instituttleiar Rolv Terje Lie (Institutt for global helse og samfunnsmedisin).

Forskingsleiar Guri Rørtveit (Institutt for global helse og samfunnsmedisin) er leiar for arbeidsgruppa med ansvar for kunnskapssystemet (AG3).

Tidlegare fakultetsdirektør Nina Mevold er nestleiar for arbeidsgruppa for Kommunesektoren (AG4). Her finn ein også forskingsleiar Steinar Hunskår (Institutt for global helse og samfunnsmedisin).

Professor Bernt Lindtjørn (Institutt for global helse og samfunnsmedisin) tek del i arbeidsgruppa for Globale helseutfordringar (AG5).

Her kan du lese meir om HelseOmsorg21.