Hjem
Det medisinske fakultet

Flyttesjauet startar

Det nærmar seg at fakultetsadministrasjonen flyttar attende til AHH. Det betyr at vi vil vere mindre tilgjengelege for brukarane nokre dagar.

AHH i vinterskrud
AHH i vinterskrud
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

Sjølve flyttinga skal skje i veke 51. Den fysiske flyttinga skjer måndag 17. og tysdag 18. desember. Det vil bety at vi vil vere utan telefon og pc i periodar desse dagane. Informasjonssenter og ekspedisjon vil og vere stengt.

Vi vil svare på spørsmål på epost og telefon så snart vi er i normal drift på Armauer Hansens Hus, og ber om forståing for at vi ikkje er tilgjengelege dei første dagene i neste veke.