16 millionar til kreftforsking og nytt K.G. Jebsen-senter
Professor Rolf Bjerkvig ved Institutt for biomedisin (IBM) og senteret hans får 16 millionar frå Stiftinga K.G. Jebsen for å forske på hjernekreft.
Hovedinnhold
I skarp konkurranse med andre framragande medisinske forskingsmiljø har professor Rolf Bjerkvig vunne fram i konkurransen om middel til nye K.G. Jebsen-senter innan medisin. Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen (Stiftinga KGJ) støttar også to andre senter i Tromsø og Oslo dette året, og gjev 16 millionar kroner til kvart senter.
Stifitinga ynskjer å bidra til eit viktig forskingsløft med tildelinga. Eit anna føremål er at forskinga raskare kan kome pasientane til gode. I tillegg til løyvingane frå stiftinga, får kvart senter også ei betydeleg tildeling frå eigen institusjon.
Fakultetet gratulerer!
Her kan du lese intervju med Rolf Bjerkvig om tildelinga i Bergens Tidende.
Lenke til heimesida til Stiftinga KGJ med omtale av tildelinga.