Beste forelesar heidra av studentar
Tradisjonen tru har avgangskullet delt ut pris til beste forelesar. Vinnaren, stipendiat og overlege Rune Bjørneklett, har allereie stifta kjennskap til prisen fleire gongar tidlegare.
Hovedinnhold
Prisen for beste forelesar er ein pris som kvart avgangskull delar ut til den forelesaren dei tykkjer har vore best, og den er meint å oppmuntre til inspirerande og god undervisning. Fredag 12. desember kunne Rune Bjørneklett motta den gjeve prisen.
Bjørneklett har undervist sidan hausten 2011, og han har vunne prisen for beste førelesar to gongar tidlegare. Denne gongen er det kull 08B (avgangskull haust 2014) som deler ut prisen. Grunngjevinga for tildelinga er at Bjørneklett evnar å gjere det særskild vanskelege temaet nefrologi angripeleg og oversiktleg. Han underviser med openbare planer om at studentane skal lære det dei treng for å verte gode lækjarar.
Rune Bjørneklett er førsteamanuensis ved Klinisk institutt 1 og overlege på nyreseksjonen, medisinsk avdeling, ved Haukeland Universitetssjukehus. Han er også dagleg leiar for norsk nyrebiopsiregister.