Korleis forske meir og betre i framtida?
Er du oppteken av utvikling innan helseforsking og innovasjon i Norden, vil årets NRI-konferanse vere ein møtestad for å bli enda betre på det du driv med.

Hovedinnhold
Tema for den tiande NRI-konferansen i Bergen er framtidas helseutfordringar i Norden. Programmet for dei to dagane i mai er nøye satt saman og vel gjennomtenkt.
Her vil fleire nordiske toppleiarar innan helsesektoren presentere planar, tankar og meiningar om kva slags utfordringar vi står overfor. I tillegg vil det vere parallelle sesjonar, workshops og konferansemiddag.
Meld deg på årets NRI-konferanse her.
Her finn du også praktisk informasjon om konferansen.
Du kan lese meir om konferansen på NRI Network sine nettsider (på engelsk).
Tid: 4.-5. mai 2015
Stad: Scandic Ørnen Hotel, Bergen