Hjem
Det medisinske fakultet
Falch 2016

Foreslå kandidatar til Falch 2016

Det er tid for å nominere kandidatar til Falchførelesinga 2016 og Falchs juniorpris for unge forskarar. Veit du om nokon som kan vere aktuelle? Fristen er 1. mars.

Kristoffer Haugarvoll fekk Falchs juniorpris 2015
Forskar Kristoffer Haugarvoll fekk Falchs juniorpris 2015, mellom anna for sitt arbeid med å finne genetiske faktorar som utløyser nevrologiske sjukdomar, slik at ein kan utvikle betre behandling i framtida.
Foto/ill.:
Jørgen Barth og Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

Styret i Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap ynskjer nominasjonar til Falchforelesinga 2016 og Falchs juniorpris for unge forskarar. 

Falchs juniorpris er på kr 50.000,- og ramma for tildelinga til Falchførelesinga er på kr 30.000,-.

Foreslå kandidatar

Nedanfor finn du utlysingstekstane med retningsliner og kriterium for framlegg til kandiadatar. Her finn du også informasjon om kven som kan fremja forslag.


Send forslag til okonomi@mofa.uib.no.

Forslaga blir handsama av styret i Konsul Søren Falch og øyenlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap.

Frist for å sende inn forslag er 1. mars 2016.