Fusk og ulovleg bruk av hjelpemiddel
Universitetet ser naturlegvis alvorlig på fusk på eksamen. Det kan få store konsekvensar om du har med hjelpemiddel som ikkje er tillate på eksamen. Dette gjeld sjølv om hjelpemidlet ikkje har vore i bruk eller sjølv om det ikkje vi vere til hjelp på eksamen.
Det kan bli tatt stikkprøver av hjelpemiddel under eksamen.
Her kan du lese mer om reielegheit og fusk
UiBs brosjyre om fusk og plagiering
Tillatne hjelpemiddel
Det er viktig å undersøke kva hjelpemiddel du kan bruke på eksamen.
Informasjon om tillatne hjelpemiddel står i emneskildringa på nett. Det skal òg gå tydeleg fram av eksamensoppgåva.
Kalkulator på eksamen
Dersom «enkel kalkulator», gjeld følgande reglar:
Kalkulatoren
- er ikkje programmerbar
- skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kan ikkje koplast til straumnett
- må ikkje avgje støy
- det er ikkje tillate å ta med bruksanvisningar, programbeskrivelsar, ferdige program eller anna tilleggsutstyr.
Tilrådde modellar her er for eksempel:
Casio: FX-82ES Plus, FX-82ES Plus-2, FX-82EX, FX-85ES Plus, FX-85ES Plus-2, samt tilsvarande og eldre modellar
Dersom «alle kalkulatorar tillate», gjeld følgande reglar:
Kalkulatoren
- skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kan ikkje koplast til straumnett
- må ikkje avgje støy
- Det er ikkje tillate å ta med bruksanvisningar, programbeskrivelsar, ferdige program eller anna tilleggsutstyr.
Du har sjølv ansvar for å skaffe deg en tillatt kalkulatormodell.
Ordbok
Du kan ta med ordbok på skriftleg eksamen. Det er ein universal rett og kjem ikkje fram i lista over tillatne hjelpemiddel i kvart enkelt emne.
Reglement: Ordboka
- må være generell. Dvs. oversette ord frå eit språk til eit anna (f.eks frå tysk til norsk).
- må ikkje vere teknisk ordbok, geologisk ordbok osv.
- må ikkje vere leksikalsk (dvs. beskrivande og innehalde definisjonar av ord).
- må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
- kan ikkje vere elektronisk
Ordboka må leverast inn for gjennomsyn på Infosenteret for realfagsstudentar i Realfagbygget seinast 1 veke (5 arbeidsdagar) før eksamen. Du får utlevert ordboka i eksamenslokalet.