Utveksling ved Det psykologiske fakultet
Det psykologiske fakultet oppfordrar alle studentar til å reise på utveksling. Der fins mange alternativ for deg som ynskjer å ta deler av graden din ute. Kor du kan reise og korleis du førebur deg til eit utvekslingsopphald varierar med kva for eit studieprogram du går på.

Hovedinnhold
Det fins mange moglegheiter for deg som student til å reise på utveksling, og du har fleire alternativ å velge mellom. Du kan reise ut gjennom fakultetet sitt Nordplusnettverk i psykologi til utvalde universitet i Sverige, Danmark og Finland, og du kan reise til fleire land og universitet i Europa gjennom Erasmus+ programmet. Fakultetet har òg eigne utvekslingsavtalar med UC Berkeley og UC San Diego i USA, og du kan reise til mange land og verdsdelar utanfor Europa gjennom UiB sine sentrale avtalar.