Hungersnaud anno 2023
Kva alternativ ligg på bordet for å bekjempe svolt i 2023? Velkomen til samtale mellom forskar Cecilie Hellestveit og stipendiat Thor Olav Iversen.
Hovedinnhold
Eitt år etter invasjonen av Ukraina er den globale matsikkerheitssituasjonen stadig prekær. Matvareinflasjonen er høg i Noreg, men slår langt hardare ut i fattige land. Dei siste åra har ein sett eit dramatisk oppsving i bruk av svolt som våpen i krig – særleg i land som Jemen, Etiopia og Syria. Samstundes vurderer FN-organisasjonar å erklære hungersnaud på Afrikas horn.
Stipendiat Thor Olav Iversen (UiB) møter forskar Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet) til ein samtale om hungersnaud og den internasjonale matvaresituasjonen i 2023. Saman skal dei mellom anna drøfte kva juridiske og politiske verkemiddel som ligg på bordet for å avhjelpe hungersnaud.
Samtalen finn stad hos Bergen Global i Jekteviksbakken 31 (ingen streaming).