Hjem
Sosiologisk institutt

Institutthistorie

Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklara og fortolka korleis menneska vert forma av samfunnstilhøve, samstundes som dei sjølve kan endra desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreia seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar.

Hovedinnhold