Hjem
Stiftelsen Det norske arboret

Formidlingssenter for biologisk mangfold og bærekraftig arealbruk

Universitetsmuseet, CeSAM – Senter for berekraftig arealbruk og Stiftelsen Det norske arboret ønsker å etablere eit formidlingssenter ved Arboretet for å fremme kunnskap og bidra til refleksjon rundt korleis vi kan ta betre vare på biologisk mangfald ved å redusere arealinngrep i naturen. Målgruppa for senteret er avgjersletakarar innan næringsliv og offentleg forvalting.

raudsildre og logoer
Foto/ill.:
Helene Ødven

Hovedinnhold

Institusjonane har satt i gang eit forprosjekt saman med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS) for å skaffe innsikt om målgruppas behov og ønskjer, og utvikle attraktive og målretta konsept som formidlar kunnskap om naturverdiar og berekraftig arealbruk ved Arboretet på Milde. Vi ønsker at Arboretet skal vere ein arena som skal motivere og inspirere, og i dialog mellom akademia, næringsliv og offentleg forvaltning finne nye løysingar for korleis vi kan redusere inngrep i naturen i åra som kjem. Vi meiner det er mogeleg å betre både kunnskapsgrunnlaget og finne nye løysingar som bidreg til dette. 


Torsdag 21. november inviterer vi til frukostmøte i samarbeid med Bergen Næringsråd. Tema er naturrisiko, biologisk mangfald og arealbruk, og korleis kommunar og næringsliv kan bidra til at vi tek betre vare på viktige naturverdiar. Frukostmøtet er ein del av forprosjektet og skal bidra til å få innsikt og utvikle gode konsept for formidling og dialog ved Arboretet. Vi ønskjer å kome i dialog med viktige næringsaktørar, skape interesse og bygge relasjonar. 
Vi har som målsetting å gjennomføre den første seminardagen for deltakarar på Arboretet i samband med Klimafestivalen ‘Varmere, våtere, villere’, 12.-15. mars 2025.


Arbeidsgruppa består av Berit Gehrke (Universitetshagane), Siri Smith (Bergen kommune, styret i Stiftelsen), Kari Øritsland og Claus Gladyszak (VIS), og Helene Ødven (Stiftelsen). Kontaktpersonar ved Universitetetsmuseet er instituttleiar ved avd. naturhistorie, Jenny Smedmark, og Universitetshagane ved seksjonsleiar, Berit Gehrke. CeSAM ved Insitutt for Biovitskap er representert ved leiar Vigdis Vandvik og Inger E. Måren. 

For meir informasjon om forprosjektet, ta kontakt med prosjektleiar, Helene Ødven. Til dagleg er Ødven direktør for Stiftelsen Det norske arboret.
Hennar mobilnummer er 98 24 98 08 og e-post helene.odven@uib.no

Forprosjektet er støtta av GC Rieber fondene og Forskningsrådet.