Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-NOR Nordisk, årsstudium, haust 2024

Omfang og studiepoeng

60 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og i mindre grad dansk og svensk

Studiestart - semester

Vår

Mål og innhald

Målet for nordiskstudiet er å gje studentane kunnskapar i nordisk, særleg norsk, språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn.

Studiet skal gje grunnlag for betre skrivedugleik, kompetanse til å undervise og arbeide med språklege og litterære emne i andre yrke.

Fordi språket og litteraturen er så nær knytte til opplevinga vår av individuell og sosial identitet, kan studiet også gje viktige impulsar til den personlege utviklinga hos den einskilde studenten.

Årsstudiet er på 60 studiepoeng, fordelte på to litterære og tre språklege emne.

Læringsutbyte

Studiet skal gje studentane ei innføring i terminologi og omgrepsapparat innanfor den nordiske litteratur- og språkvitskapen. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om litterære hovudsjangrar, sentrale forfattarskapar og litteraturhistorisk utvikling, og dei skal få kunnskap om språkstruktur, skriftleg og munnleg språkbruk og historisk og geografisk språkleg variasjon.

Studiet skal formidle grunnleggjande kunnskap om den vitskaplege basisen som det nordiske litteratur- og språkstudiet kviler på.

Studiet skal gje studentane metodar til analysar av litterære tekstar og språklege strukturar og øving i å skrive eigne tekstar om litterære og språklege emne og problemstillingar.

Studiet skal så langt råd knyte saman dei ulike enkeltemna og gje studentane eit utgangspunkt for å integrere kunnskap frå ulike delar av studiet.

Studiet skal søkje å gje studentane sjølvstendige og kritiske haldningar til lærestoffet og øve dei i å diskutere og reflektere om faglege spørsmål på grunnlag av tileigna fagleg kompetanse.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (eller tilsvarande).

Obligatoriske emne

Årsstudiet er samansett av fem emne:

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900, 15 studiepoeng

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen, 15 studiepoeng

NOSP104 Nordisk: Språksystem og språkbruk, 15 studiepoeng

NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål, 10 studiepoeng

NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina, 5 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Ein kan begynne i haustsemesteret eller vårsemesteret.

Oppstart i haustsemesteret:

1. semester (haust): NOLI103, NOSP105 og NOSP106

2 semester (vår): NOLI102 og NOSP104

Oppstart i vårsemesteret:

1. semester (vår): NOLI102 og NOSP104

2. semester (haust): NOLI103, NOSP105 og NOSP106

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, kollokvium og seminar. På kollokvia og seminara vil det vere oppgåveløysing, faglege diskusjonar og andre studentaktiviserande arbeidsformer.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver. Semesteroppgåver og mappeoppgåver skrivne under rettleiing.

Grunnlag for videre studium

Årsstudiet kan inngå som del av spesialisering i nordisk språk og litteratur, som i sin tur kvalifiserer for opptak til masterstudiet i nordisk språk og litteratur.

Evaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no