Hjem

Kulturvitskap, bachelor, 3 år

Kulturen er til stades i alt vi gjer – i maten vi et, i omgangen vår med vener og familie, i haldningar til kropp og hygiene, ja, til og med i korleis vi går og står. På kulturvitskap lærer du om kvardagskultur, om korleis menneske skapar meining i kvardagen og om samspelet mellom menneske og verda vi lever i.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i kulturvitenskap ved Det humanistiske fakultet!  

Frammøte: Studiestart er 12. august. Oppmøtestad er Sydneshaugen skole, Aud. B, kl. 09:00.

Program: Her finn du program for studiestarten og informasjon om velkomstveka på ditt fakultet

Ta med: Ta med deg mat og drikke, og gjerne noko å skrive på og med.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på Ny student-sida 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no

Vil du sjå studielivet på HF? Følg oss på @uibhf på Instagram

Kva lærer du? 

Som bachelorstudent lærer du om mennesket som kulturskapar og kulturberar, og om korleis ein kan forstå eit kulturelt fenomen. I faget jobbar du med både historisk forskingsmateriale og materiale frå samtida, blant anna tekst, bilde og film. 

Med ein bachelorgrad i kulturvitskap lærer du: 

  • å analysere og tolke kulturelle fenomen 
  • å arbeide med store mengder tekst og kjelder 
  • å skrive analytiske og vitskaplege tekstar 
  • korleis du tileignar deg kunnskap om både smale og breie tema 
  • å sjå på kvardagslege fenomen med eit overordna kulturvitskapleg blikk  

Aktuelle tema du kan fordjupe deg i,  er blant anna:   

  • kjønnsidentitet, kjærleik, kropp, maskulinitet og feminitet 
  • forteljingar om klima, katastrofar, kriser og konspirasjonar 
  • digitale kulturelle uttrykksformer 
  • materialitet, gjenstandar og kulturarv 
  • museum og utstillingar  
  • metodar og teoriar i faget 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i kulturvitskap er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med andre studentar, vil ei vanleg veke innehalde forelesingar og seminargrupper. Kor mange timar undervisning du har, varierer litt frå semester til semester. Utanom sjølvstudium vil du bruke omtrent 6-8 timar i veka på ulike undervisningsaktivitetar.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Meir om studiekvardagen ved HF

Kva kan du jobbe som? 

Med ein bachelorgrad i kulturvitskap kvalifiserer du til jobbar i heile kulturfeltet og i offentleg administrasjon.  

Som kulturvitar vil du vere spesielt kvalifisert til arbeid i: 

  • kultursektoren (for eksempel på museum)  
  • kulturkontor  
  • fylkeskommunen  
  • kulturformidling 
  • utstillingar i museum  
  • arkivering 
  • administrasjon i offentlege og private kulturinstitusjonar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:   

1. semester 

2. semester  

3. semester 

4. semester 

5. semester 

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

6. semester   

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar kulturvitskap kan det for eksempel vere interessant å reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Tyskland eller Sverige.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein bachelorgrad i kulturvitskapgir moglegheiter for å søke opptak på masterprogram i kulturvitskap. Etter oppnådd mastergradkan du ta etter- og vidareutdanning, blant anna om museum, og om korleis skrive ein vitskapeleg artikkel. Etter ein mastergrad kan du også søke på doktorgradsstipend. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen her

Søk her