Hjem
Det humanistiske fakultet
Ny student

Velkommen som ny student på Det humanistiske fakultet!

Flere grupper med studenter som står og snakker sammen.
Velkommen som ny student på UiB!
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Ny masterstudent? Finn meir info på egen nettside.

Velkommen til campus 

Vi gler oss til å sjå deg på campus, og vi håpar du vil  bruke mykje tid  på Høyden dei neste åra. HF-campusen er delt i fleire bygg. Hovudbygga er Sydneshaugen skole og HF-bygget. Det ligg òg HF-institutt i nabokvartala Sydnesplassen 12-13 og Øysteins gate 1-3. Bibliotek for humaniora er òg ein viktig stad for deg som HF-student. Det ligg på Haakon Sheteligs plass 7.  

I tillegg kjem du heilt sikkert  til å besøke andre bygg og fakultetet gjennom studietida. Du kan bruke Mazemap for å navigere rundt om på campus og sjå alle universitetet sine lokale.  

Mentoren din kjem til å ta deg med på ei omvising til de viktigaste bygga. Da er det verd å merke seg lesesalane, kollokvieromma,  Informasjonssenteret og kantina.

Studenter i Borggården på Sydnehaugen skole
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Kva skjer når du kjem hit? 

Studiestart er måndag 12. august. Då  deltek  du først på velkomstmøte med ditt institutt, før du får møte mentoren og mentorgruppa di. Saman   går dykk  til UiB sin velkomstseremoni. Etter seremonien blir det opplegg i mentorgruppene fram til kl 13:30. Etter det  kan dei som ønskjer å vere med på fadderordninga bli med fadrane sine på eige opplegg.  

Har du gløymt å melde deg på mentorordninga eller fadderordninga? 

Da kan du sende ein e-post til studierettleiar@hf.uib.no eller besøke Infosenteret ved HF som ligg på Sydneshaugen skole. 

Resten av veka blir det mentorordning, fadderaktivitetar, møte med studieprogramma og fleire andre arrangement som vil førebu deg til eit spennande semester. Fredagen inviterer fakultetet på mat og samvær i Borggården på Sydneshaugen skole for å ønske velkommen. Vi gler oss til du kjem! 

Program for heile veka finn du her

Bli kjent med studentmiljøet! 

Å ta del i studentmiljøet og vere ein aktiv student gir deg fleire sosiale arenaer, spennande erfaringar og nye venner på tvers av kull og studieretningar. Det finst mange måtar å  engasjere seg på, til dømes kan du bli tillitsvalt for studieprogrammet ditt, du kan representere studentane i  råd og utval som tar viktige avgjerder, eller du kan bli med i studentforeininga Humanistisk studentutval. (HSU) 

HSU består av fleire grupper, mellom anna ei teatergruppe, ein studentdriven bar, og fagutval på studieprogramma. I eit fagutval jobbar du saman med andre frå ditt studieprogram for å tilby faglege og sosiale arrangement som er spennande og aktuelt for akkurat ditt program. Du vil i løpet av velkomstveka møte HSU og fagutvalet på ditt studieprogram.  

I veka etter velkomstveka vil det vere Borggårdsdag på Sydneshaugen skole der du kan møte ulike studentorganisasjonar frå både HF og Bergen.  

Du kan lese meir om studentorganisasjoner på HF her.

Studenter som sitter på en trapp og snakker sammen. De er glade.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Få godkjent tidlegare utdanning du har tatt

Har du allereie studert, og ønskjer å gjere tidlegare emne til ein del av den nye graden din? Du kan søke om å få innpassa emne du har tatt tidlegare ved UiB eller andre studiestader i både innland og utland. Du kan lese meir om godkjenning av utdanning her. 

Har du tatt ex.phil. før? Da treng du ikkje ta det igjen, med mindre du har veldig lyst! 

Les meir om ex-phil. her. 

Følg oss på sosiale medium 

Instagram - https://www.instagram.com/uibhf/ 

Facebook - https://www.facebook.com/uibhf  

Kort om Det humanistiske fakultetet 

Det humanistiske fakultetet (HF) er det nest største fakultetet på UiB. HF består av fire institutt og to senter. I tillegg har vi to sentre for framifrå forsking!  

I ei verd med store endringar er det viktig og nødvendig med humanistisk kunnskap for å forstå betydninga av identitet, kultur, etikk og språk i møte med kvarandre og i møte med teknologi. Vi treng kunnskap om fortida for å kunne forstå notida. Bredda i programma ved HF skal forberede deg som student på et arbeidsliv der ein treng for humanistisk og tverrfagleg kompetanse. Utdanninga skal gi deg ein fagleg kunnskap basert på refleksjon og innsikt, og gjere deg digitalt kompetent og førebudd til å spele ei aktiv rolle i samfunns- og arbeidsliv. 

For meir informasjon om studiestart og studentlivet, sjå Ny student: Dette må du gjere og Ny student: Få en god studiekvardag