Studieplan for BAHF-NOLIS Nordisk språk og litteratur, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i nordisk språk og litteratur
Omfang og studiepoeng
Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.
Fulltid/deltid
Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.
Undervisningsspråk
Norsk eller anna skandinavisk språk.
Studiestart - semester
Haust.
Mål og innhald
Mål
Målet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur frå eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk språk. Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk.
Reint praktisk skal studiet gi grunnlag for betre skriveferdigheiter i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.
Innhald
I løpet av studiet vil studentane lese norske og nordiske tekstar, og få auka innsikt i språkhistorie frå urnorsk til moderne norsk, ei betre forståing av grammatikk og omfangsrik ordkunnskap. Studentane vil bli kjende med norsk som både første- og andrespråk, og geografisk og sosial talemålstradisjon. I tillegg til å bli kjende med litteraturhistorie og dei skjønnlitterære hovudsjangrane, vil studentane også lese dagsaktuelle tekstar som går rett inn i samfunnsdebatten.
Læringsutbyte
Læringsutbytte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar
- har noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)
- har godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida
- har god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar
- har brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
- kan skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa
- har kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
- kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur
- kan analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte
- kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
- kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken
- kan arbeide aktivt for å styrke sine eigne kunnskapar og ferdigheiter i faget
- kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
- kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.
Gode leseferdigheiter i engelsk.
Innføringsemne
Examen philosophicum EXPHIL-HFSEM seminarmodellen (10 sp.) eller EXPHIL-HFEKS skuleeksamen (10 sp.)
EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.) eller EXFAC00AS
NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)
Obligatoriske emne
EXPHIL
Innføringsemne: anten EXFAC00SK eller EXFAC00AS
Eitt av alternativa:
Eitt av alternativa:
emne på 15 stp. på bachelornivå med kode på ISL, LEX, NOFI eller NORAN (men ikkje NORAN###)
Spesialisering
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde eit emne med bacheloroppgåve..
NOLI102 (15 sp.)
NOLI103 (15 sp.)
NOSP104 (15 sp.)
NOSP105 (10 sp.)
NOSP106 (5 sp.)
Eitt av alternativa:
NOLI250 (15 sp.)
NOSP256 (15 sp.)
NOSP257 (15 sp.)
Eitt av alternativa:
NOLI216 (15 sp.)
NOLI220 (15 sp.)
NOLI250 (15 sp.)
NOSP216 (15 sp.)
NOSP217 (15sp.)
NOSP218 (15 sp.)
NOSP256 (15 sp.)
NOSP257 (15sp.)
emne på 15 stp. på bachelornivå med kode på ISL, LEX, NOFI eller NORAN (men ikkje NORAN###)
Tilrådde valemne
Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. Innføringsemne eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.
Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Dersom ein planlegg ein karriere som lærar, bør ein ta omsyn til dette ved val av frie emne.
Rekkefølgje for emne i studiet
Studieløpet i bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust)
- Examen philosophicum (10 sp.)
- EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.) eller EXFAC00AS Akademisk skriving (10 sp.)
- NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)
2. semester (vår)
3. semester (haust)
- NOLI103 Den eldre litteraturen (15 sp.)
- NOSP105 Språkhistorie og talemål (10 sp.)
- NOSP106 Den nordiske språkgreina (5 sp.)
4.-5. semester (vår og haust)
- Delstudium i utlandet og/eller andre valfrie emne (60 sp. til saman)
6. semester (vår)
- Eit utval av dei alternative obligatoriske spesialiseringsemna og bacheloroppgåve (30 sp. til saman)
Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.
Delstudium i utlandet
Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.
Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.
Relevans for arbeidsliv
Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege. Arbeidsgivarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenker strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet.
Alle bransjar treng tekst- og språkkompetente tilsette, med evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst. Fleire med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur jobbar innafor:
- læraryrket (sjå eigne krav for opptak til PPU)
- bok- og forlagsbransjen
- journalistikk
- administrasjon og offentleg forvalting
- kulturformidling
- bibliotek
- kommunikasjonsbransjen
Om ein vel å gå vidare med mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Evaluering
Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hfTa gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no
Tlf: 55 58 24 00