Studieplan for BAPS-PED Pedagogikk, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i pedagogikk
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 180 studiepoeng og normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Utdanning, kunnskap, læring og undervisning er sentrale tema i bachelorprogrammet i pedagogikk. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeids- og samfunnslivet generelt. Studiet tar opp desse tema og drøfter dei filosofisk, teoretisk og i lys av samfunnsendringar.
Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap, forståing og handlingskompetanse knytt til pedagogiske utfordringar og praksisar. Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere formidlings-, opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
- har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk.
- har kunnskap om og forståing for fagområdet sin eigenart og historie.
- har kjennskap til relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
- kan halde seg oppdatert på fagområdet pedagogikk.
Ferdigheiter:
Kandidaten
- kan analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til læring og utdanning.
- kan nytte fagstoff i planlegging, implementering, vidareutvikling og vurdering av opplærings- og utdanningstiltak.
- kan søke, behandle og vurdere kunnskap og informasjon kritisk.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- kan skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon.
- kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ei gruppe.
- kan utføre prosjektbasert arbeid og planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekker seg over tid.
- kan kommunisere om og formidle faglege tema både skriftleg og munnleg.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Innføringsemne
På bachelorprogrammet i pedagogikk er det innføringsemne på til saman 25 studiepoeng.
- PED110 Innføring i pedagogikk (15 studiepoeng) i 1. semester
- Examen Philosophicum (10 studiepoeng) i 4. semester
Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.
Obligatoriske emne
Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:
PED111: Pedagogisk filosofi (15 sp) synleggjer dei grunnleggjande filosofiske føresetnadene som pedagogisk praksis byggjer på, og retter merksemda mot korleis pedagogiske retningar drøftar spørsmål om utdanning, danning, kunnskap, læring og undervisning.
PED112: Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp) gir ei grunnleggjande innføring i læring og læringsteori sett i eit pedagogisk perspektiv. Du vil også få kunnskap om, innsyn i og praktisk erfaring med ulike former for skriftleg og munnleg formidling.
PED113: Læring i og for arbeidslivet(15 sp) gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar. Sentrale tema er samanhengen mellom ulike perspektiv på læring og den praktiske læreprosessen, forholdet mellom formell opplæring i etablerte institusjonar og uformell læring i daglegliv og arbeid, samt bruk av nye læringsmedier.
PED200: Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp) retter merksemda mot utdanningsinstitusjonar si oppgåve og funksjon i samfunnet frå ulike perspektiv: historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk. Emnet tek også opp korleis samfunnsendringar påverkar opplæringa, særleg i eit flerkulturelt perspektiv. Emne blir undervist på engelsk.
PED210: Vitskapelege metodar (15 sp) har som mål å gje studentane ei grunnleggjande innføring i ulike metodiske tilnærmingar og grunnleggjande normer for vitskapleg praksis i disiplinane pedagogikk og spesialpedagogikk. Dette inneber kvalitative og kvantitative framgangsmåtar samt deira vitskapsteoretiske og forskningsetiske grunnlag.
PED212: Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp). Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal du lære korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Du skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
Valfrie emne utgjer dei siste 65 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typer godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emner innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon- og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-kultur- og mediefag, filosofi.
Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202 kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.
Tilrådde valemne
Valfrie emne utgjer dei siste 60 (eventuelt 65) studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd å velje emna PED115 (15 sp) i tredje semester og PED116 (5 sp) i fjerde semester. Studentar kan også velje emne innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-, kultur-, og mediefag og filosofi.
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester: PED110 Innføring i pedagogikk (15 sp) og PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
2. semester: PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp) og PED113 Læring i og for arbeidslivet (15 sp)
3. semester: PED200 Education in a changing society (15 sp) og valfritt emne (tilrådd PED115 Skulens læringsmiljø) (15 sp)
4. semester: PED210 Vitskapelege metodar (15 sp), EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum (10 sp) og valfritt emne (tilrådd PED116 Pedagogisk kompetanse) (5 sp)
5. semester: 30 studiepoeng i valfrie emne
6. semester: Eit valfritt emne (15 sp) og PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp)
Delstudium i utlandet
På bachelorprogrammet i pedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer pedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.
Undervisningsmetodar
Undervisninga på bachelorstudiet inneheld ei rekkje undervisingsformar, til dømes førelesingar, seminar, oppgåveskriving, rettleiing og litteraturstudium. Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med varierte arbeids- og vurderingsformer. Deler av skrive- og læringsaktiviteten vil skje i form av datastøtta samarbeidslæring. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar.
Vurderingsformer
Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. I løpet av studiet blir desse vurderingsformene brukt: skuleeksamen, faglig essay, mappevurdering, heimeeksamen, bacheloroppgåve og munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av dei ulike emna nyttast A-F eller Greidd/Ikkje greidd.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål vil bli skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Fullført bachelorgrad i pedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudiet i pedagogikk (fulltidsstudium eller deltid).
Relevans for arbeidsliv
Eit bachelorstudium i pedagogikk kvalifiserer deg til arbeid med opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Du vil kunne bidra konstruktivt i alle ledd av ein utviklingsprosess, frå planlegging, iverksetting til evaluering.
Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel:
- i ideelle organisasjonar
- i media
- med kulturformidling
- som opplæringsleiarar
- som pedagogiske konsulentar
- og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor.
Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurd.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet