Studieplan for BASV-GOV Politikk og forvaltning, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i politikk og forvaltning.
Omfang og studiepoeng
Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Politikk og forvaltning er eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Faget byggjer i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er det normative grunnlaget for teoriane, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har.
Gjennom bachelorstudiet lærer studentane å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kan framstille, samanfatte og forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk
- kan gjere greie for korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett
- har kjennskap til og kan gjere greie for ulike styrings-, organisasjons- , og demokratiformer og det normative grunnlaget deira på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå
- kan gjere greie for samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre
- kan gjere greie for ulike typar organisasjonar, organisasjonsendring, demokrati, deltaking og leiing under ulike vilkår
- kan gjere greie for nyare forskingsresultat og setje seg inn i ny forsking
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte teoriar og analysemodellar i faget til å gjennomføre analysar av ulike typar
- kan utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk ved å bruke samfunnsvitskapleg metode
- kan gjere greie for og forklare samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og utvikle det gjennom samarbeid og i rettleiing
Generell kompetanse
Kandidaten
- har evne til vitskapleg arbeid og framstilling
- har evne til systematisk kunnskapsinnhenting gjennom tilrettelegging og vurdering av tilgjengelege kjelder
- kan vurdera og ta stilling til vitskapsetiske problemstillingar
- kan formidle og kommunisere om faglege problemstillingar, metodar og forskingsresultat
- kan stille kritiske spørsmål, planleggje og gjennomføre endringsprosjekt
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innføringsemne
Innføringsemne/førstesemesterstudiet i bachelorprogrammet er ex.phil. og GOV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).
Obligatoriske emne
GOV112, GOV113, MET103, MET104, GOV114, GOV215 og GOV251
Spesialisering
90 studiepoeng
Obligatoriske emne:
- GOV112 Organisasjonsteori
- GOV113 Norsk politikk
- MET103 Kvalitative metodar
- MET104 Kvantitative metodar
- GOV114 Politisk teori og styreformer
- GOV215 Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor
- GOV251 Bacheloroppgåve i politikk og forvaltning
Eit av emna:
Eit av emna:
- GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar
- GOV213 Helse- og velferdspolitikk - Makt og innverknad
- GOV214 Kunnskapens institusjonar, ekspertise og politikk
- GOV216 Constitutions, Courts and Politics
- GOV217 Gender and Power in Contemporary Politics
Rekkefølgje for emne i studiet
Instituttet tilrår:
1. semester: GOV100 og Examen philosophicum
2. semester: MET103 + GOV112 + GOV113
3. semester: MET104 + GOV104 + GOV108 eller GOV115 eller GOV116
4.semester: Utveksling / Frie studiepoengpoeng
5.semester: Utveksling / Frie studiepoengpoeng
6. semester: GOV215 + GOV251 + GOV212 eller GOV213 eller GOV214 eller GOV216 eller GOV217
Delstudium i utlandet
Du kan reise på utveksling som del av graden din i politikk og forvaltning. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiB sine mange bilaterale avtalar.
Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil normalt vere sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av heimeeksamen og skriftleg skuleeksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Grunnlag for vidare studium
Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i politikk og forvaltning ved UiB, og til ein del andre statsvitskaplege masterprogram ved andre norske universitet.
Relevans for arbeidsliv
Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.
Evaluering
Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for studieprogrammet