Studieplan for BASV-TVP Film- og TV-produksjon, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelorgrad i film- og TV-produksjon
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon er 3-årig (180 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk er norsk. Enkelte forelesningar kan undervisast på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet gir studentane allsidige kunnskapar og kompetansar for produksjon av film- og TV-innhald. Studiet er praksisnært, og dei mange produksjonane skal gi studentane røynsle med eit breitt spekter av sjangrar og format, delvis i samarbeid med UiB sine partnerar i Media City Bergen. Formålet med dei mange og varierte øvingane, er å gi studentane solid mengdetrening. Grundig tilbakemelding frå den faglege staben gir ei bratt læringskurve og sikrar brei produksjonskompetanse innan lyd- og biletmedia.
Siste året finn det stad ei spissing og spesialisering som gir kvar student inngåande kompetanse i éin av dei følgjande fagfunksjonane: foto, regi, lyd, klipp eller produsent. Kvar student skal vera i stand til å gjera ein kompetent jobb i ei mediebedrift i den fagfunksjonen ho eller han har spesialisert seg i.
På eit meir overordna nivå ligg det faglege fokuset på idéutvikling og historieforteljing, som skal tilføra mediebransjen og mediebrukarar gode idear og dyktige formidlarar.
Det praktiske arbeidet vert utfylt og berika av akademiske førelesingar og seminar som set det heile inn i ein estetisk og historisk samanheng. Det skal vera ein fruktbar vekselverknad mellom teori og praksis, og det vert lagt vekt på akademiske perspektiv og omgrep som har relevans for det praktiske arbeidet.
Studiet søkjer altså å utnytta dei to omstenda som til saman gjer det unikt i nasjonal samanheng: For det første, bransjenærleiken, og for det andre, at det er eit universitetsstudium.
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har bred kunnskap om produksjonsprosessar frå idéutvikling til ferdig produksjon for tv
- har god kunnskap om ulike tradisjonar, sjangrar og format innanfor tv, samt deira narrative og stilistiske konvensjonar
- har god kunnskap om forteljeteknikk og dramaturgi
- har inngåande kunnskap om dei ulike publiseringsplattformene og deira moglegheiter og avgrensingar
- har god kunnskap om relevante aktørar i mediebransjen sine standardar, strategiar og aktuelle prioriteringar når det gjeld teknisk produksjon og utforming av innhald
- har god kunnskap om akademiske omgrep og perspektiv som er direkte og indirekte relevante for produksjon av ulike typar tv-innhald
- har god kunnskap om bransjemessige og marknadsmessige aspekt ved produksjon og distribusjon av tv-innhald.
Dugleikar
Kandidaten
- kan planlegga og produsera ulike typar tv-innhald
- kan utvikla idear og forteljingar for ulike typar tv-innhald
- meistrar utstyr til opptak av tv-produksjonar, og kan tilpassa bruken av utstyret og deira verkemiddel til innhald og sjanger
- kan utføra dei arbeidsoppgåvene som ligg til si spesialisering i regi, foto, redigering, produksjon eller lyd på bransjenivå.
- kan grunngje tekniske og kreative val på ulike stadium i ein produksjonsprosess ut frå relevante faglege kriterium
- meistrar ulike typar programvare i etterarbeidet
- kan bruka ulike publiseringsplattformer og handtera ulike filformat
- kan reflektera over, og uttykkja seg om, det praktiske arbeidets handverksmessige, etiske og estetiske dimensjonar
- kan skriva og tenka akademisk, det vil seia at kandidaten meistrar skriftlege akademiske konvensjonar, kan finna fram til relevante akademiske kjelder, og nytta desse kjeldene analytisk
Generell kompetanse
Kandidaten
- har god innsikt i metodiske, etiske og opphavsrettslege problemstillingar i audiovisuelle produksjonar
- forstår dei ulike arbeidsrollene og (sam)arbeidsfordelinga på ulike typar tv-produksjonar
- kan planlegga og gjennomføra varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan formidla sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksla synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan tv-produksjonar
- kan reflektera kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar.
- kan vurdera og analysera audiovisuelle produksjonar med utgangspunkt i deira estetiske og tekniske kvalitetar
Opptakskrav
Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer elles vanlege reglar, jf. samordna opptak.
Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.
Innføringsemne
Examen philosophicum (10sp), TVP100 Introduksjon til tv-produksjon og akademisk skriving (20sp)
Obligatoriske emne
TVP100 Introduksjon til tv-produksjon og akademisk skriving (20sp), TVP102 Det visuelle språket (30sp), TVP104 Dokumentariske produksjonar (30sp), TVP204 Fordypning i fagfunksjon (30sp), TVP260 Bachelorproduksjon (20sp), TVP261 Utplassering (10sp)
Spesialisering
TVP102 Det visuelle språket (30sp), TVP104 Dokumentariske produksjonar (30sp), TVP204 Fordypning i fagfunksjon (30sp), TVP260 Bachelorproduksjon (20sp), TVP261 Utplassering (10sp)
Rekkefølgje for emne i studiet
- semester: EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng) og TVP100 Introduksjon til TV-produksjon og akademisk skriving (20 studiepoeng)
- semester: TVP102 Det visuelle språket (30 studiepoeng)
- semester: TVP104 Dokumentariske produksjonar (30 studiepoeng)
- semester: Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng)
- semester: TVP204 Fordjupning i fagfunksjon (30 studiepoeng)
- semester: TVP260 Bachelorproduksjon (20 studiepoeng) og TVP261 Utplassering (10 studiepoeng)
Delstudium i utlandet
Det er i utgangspunktet ikkje lagt opp til utveksling i løpet av ein bachelorgrad i film- og TV-produksjon, men moglegheita for utveksling er likevel til stades. Dersom du ønskjer å reise på utveksling i løpet av denne graden, må dette gjerast i fjerde semester, og planlegginga må gjerast i samarbeid med studierettleiar. Emna du tar i utlandet må vere godkjent av instituttet på førehand, og deler av emna må ha TV/film som fagleg innhald. Om du vil reise på utveksling, bør du ta kontakt med studierettleiar i løpet av ditt andre semester.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil normalt vere satt saman av forelesingar, workshops, rettleiing, teknisk opplæring og praktiske øvingar, kombinert med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.
Merk at obligatoriske aktivitetar og gruppeproduksjonar i kortere eller lengre perioder krev fysisk frammøte, og at programmet slikt sett ikkje er forenleg med omfattande jobbing ved sidan av studia.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar mappevurdering samt praktiske og skriftlege delekamenar, som dels vert vurdert med bokstavkarakter A-F, dels til bestått/ikkje bestått. I samband med praktiske innleveringar får studentane grundig tilbakemelding frå praksislærarar/faglærarar, i tillegg til at studentane vurderer kvarandre sine arbeid.
Karakterskala
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
- Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
- Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.
Både bestått/ikkje bestått og karakterskala vert nytta.
Grunnlag for vidare studium
Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i manusutvikling for seriar (MASV-MAN) eller masterstudium i medier og kommunikasjon (MASV-MEVI).
Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til masterstudiet: TVP102, TVP104, TVP260.
Relevans for arbeidsliv
Ein bachelorgrad i film- og TV-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innanfor film- og TV-produksjon, i yrke som:
- TV-journalist
- klippar
- fotograf
- lydperson
- produsent
Du vil kunne jobbe både i større organisasjonar og som sjølvstendig film- og TV-skapar. Du kan også gå inn i store multimediale mediehus som opererer på fleire plattformer.
Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium sikrar at du er vel førebudd på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innanfor alle delane av det mangslungne medie-, kunst- kommunikasjons- og informasjonsfeltet.
Etter bachelorgraden kan du søke opptak til masterprogrammet i manusutvikling for seriar for seriar ved UiB. Du kan også søke på ei lang rekke internasjonale masterprogram i film/TV-produksjon.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.