Studieplan for MAHF-LAT Latin, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i latin
Omfang og studiepoeng
Studieprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år.
Fulltid/deltid
Eit studieprogram normert til 2 år kan etter søknad leggjast til rette for å gjennomførast som eit deltidsstudium i 50 % over 4 år.
Undervisningsspråk
Norsk eller anna skandinavisk språk.
Mål og innhald
Masterstudium i latin representerer ei fagleg fordjuping bygd på latin frå bachelorstudiet.
Masterstudiet i latin skal gje høve til spesialisering tufta på eit breitt oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane, og har som føresetnad at dugleiken i latinsk språk stendig vert utvida ut frå kjennskap til romersk kultur og seinare vesteuropeisk kultur. Jamsides filologisk, språkvitskapleg og litteraturvitskapleg spesialisering, vert spesialiseringar innanfor ulike historiske disiplinar (t.d. politisk historie, filosofihistorie, idéhistorie) godkjende i den mun oppgåva legg skriftlege kjelder på latin til grunn.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten..
- har inngående kunnskap innanfor latinsk språk og romersk litteratur, historie og kultur, og utdjupa kunnskapar innanfor eit avgrensa område.
- har grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk, og om de sentrale problemstillingane innanfor fagområdet.
Dugleikar
Kandidaten..
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar.
- kan setja seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet.
- kan bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
- kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor faget .
- kan nytte akademisk kunnskap og relevante forskingsresultat på ein kritisk måte.
Generell kompetanse
Kandidaten..
- har kompetanse til sjølvstendig å kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
- kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor fagfeltet.
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.
- kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
Opptakskrav
Masterprogrammet i latin byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i latin, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i latin
- Bachelorgrad i klassisk filologi med spesialisering i latin
Andre bachelorgradar som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i latin eller tilsvarande.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Obligatoriske emne
Desse emna er obligatoriske:
LAT301 Latin tekstpensum I (15 sp)
LAT307 Særpensum (15sp)
LAT308 Latin: Teori og metode med prosjektførebuing (15sp)
LAT350 Latin mastergradsoppgåve (60 sp)
Tilrådde valemne
LAT303 Valemne (15 sp)
GRE101 Gresk elementærkurs (15 sp)
RET102 (15p)
ANT202 (15p)
ARK103 (15p)
KUN121 (15p)
FIL120 (10p)
FIL122 (5p)
HIS101 (15p)
LINGMET (15 sp)
Rekkefølgje for emne i studiet
Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:
1. semester:
LAT301- Latin tekstpensum (15 sp)
LAT303- Valemne (15 sp)
2. semester:
LAT307 - Særpensum (15p)
LAT308 - Latin: Teori og metode med prosjektførebuing (15sp)
3. og 4. semester:
LAT350- Latin mastergradsoppgåve (60 sp)
Delstudium i utlandet
Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.
Nærare informasjon hos studierettleiar.
Arbeids- og undervisningsformer
Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege eksamenar og semesteroppgåver. For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i latin. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.
Relevans for arbeidsliv
Latinstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret for klassisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.