Studieplan for MAHF-MUUT Utøvande musikk eller komposisjon, master, 2 år, haust 2024
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Mål og innhald
Mål:
Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar. Studiet har det som mål å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil, og styrkje evna til fagleg refleksjon og sjølvstende. Studentane får høve til fordjuping i eit eller fleire sjølvvalde emne innanfor eigne utøvande eller skapande interessefelt. Erfaring i å uttrykkje seg både munnleg og skriftleg skal gjere studentane meir bevisste på kunstnariske problemstillingar, og støtte opp om deira kunstnariske virke.
Innhald:
Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid, og undervisning gjennom ulike fellesseminar og fellesprosjekt. Masterprogrammet har eit internasjonalt studentmiljø, og engelsk er ofte kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten kan
- analysere og drøfte musikkfaglege problemstillingar med utgangspunkt i musikken si historie, tradisjonar, stil og estetikk og musikken sin funksjon i kultur og samfunn
- analysere og ta kritisk stilling til materiale frå kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og bruke dette i eige arbeid
Ferdigheiter
Kandidaten skal
- realisere og formidle eigne kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil
- bruke kunnskap til å utvide eigne musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid
- på ein kritisk reflektert måte artikulere og drøfte musikkfaglege spørsmål, både innanfor fagmiljøet og i kontakt med publikum
Generell kompetanse
Kandidaten skal
- vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar, og ved å initiere, gjennomføre og leie ulike prosjekt
- bidra til utvikling og fornying i musikklivet og musikkbransjen
- ha innsikt i etiske problemstillingar knytta til kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og arbeide i tråd med gjeldande etiske normer
Opptakskrav
Studiet byggjer på fullført bachelorgrad (eller cand.mag.) i høvesvis utøvande musikk eller komposisjon.
Opptaket skjer etter individuelle opptaksprøvar som vert gjennomførte i vårsemesteret. Opptaket er basert på:
Utøving:
1. Dokumentasjon av tidlegare innstudert repertoar, inkludert ensemblemusikk.
2. Prøvespel basert på sjølvvalt program på omlag 45 minutt. Repertoaret må spesifiserast i søknaden.
Komposisjon:
1. Det skal sendast inn fyldig dokumentasjon som inneheld verk, innspelingar, CV over utdanning og fagleg verksemd. Søkjarane skal dokumentere tidlegare komponert repertoar på minst 45 minutt. Hovudverka som vert sende inn til vurdering, skal halde eit solid fagleg og kunstnarleg nivå. Det skal gjerast greie for kva samanhengar musikken er skapt og framført i.
2. Ei skriftleg framstilling av eigen motivasjon for å gå i gang med studiet skal leggjast ved søknaden. Framstillinga skal innehalde opplysningar om korleis søkjaren ynskjer å omtale og presentere det estetiske uttrykket sitt, og kva framtidige perspektiv han eller ho har for eiga fagleg utvikling. Det kan også bli gitt andre relevante prøvar der juryen måtte finna det naudsynt i høve til innsend dokumentasjon. Søkjaren vil i så fall bli varsla i god tid, og vil få høve til å førebu seg.
For både utøving og komposisjon gjeld:
3. I samband med opptaksprøva blir det ein utdjupande samtale mellom søkjar og opptaksjury.
Internasjonale søkjarar:
Søkjarar som ikkje snakkar/skriv norsk eller eit anna skandinavisk språk (svensk eller dansk), må dokumentere tilstrekkelege engelskkunnskapar i samsvar med UiBs krav til språk. Se http://www.uib.no/en/education/49142/english-language-requirements#
Internasjonale søkjarar som ikkje kan møte til prøvespel og samtale, jf. Opptakskrav utøving pkt. 2 og 3, må saman med søknaden sende eit nyare, uredigert DVD-opptak med framføring av det sjølvvalte prøvespelprogrammet på om lag 45 minutt. Opptaket må ha høg kvalitet. Juryen vil kunne samtale med søkjaren over telefon.
Obligatoriske emne
1. semester: haust
For utøvarar:
MUV301 Prosjektarbeid I - innføring i arbeidsmetodar 15 stp.
MUV310 Konsertframføring I for utøvarar 15 stp.
For komponistar:
MUV301 Prosjektarbeid I - innføring i arbeidsmetodar15 stp.
MUV315 Spesialemne I for komponistar 15 stp.
2. semester: vår
For utøvarar:
MUV302 Prosjektarbeid II 15 stp.
MUV311 Konsertframføring II for utøvarar 15 stp.
For komponistar:
MUV302 Prosjektarbeid II 15 stp.
MUV316 Spesialemne II for komponistar 15 stp.
3. og 4. semester: haust og vår
MUV352 Mastereksamen i utøving eller komposisjon 40 stp.
MUV351 Masterprosjekt 20 stp.
Krav til progresjon i studiet
Emna MUV301 og MUV302, MUV310 og MUV311 for utøvarar, og MUV315 og MUV316 for komponistar må vere gjennomførde og greidde før ein kan avleggje eksamen i MUV352 og MUV351. MUV351 må vere gjennomførd og greidd før ein kan avleggje eksamen i MUV352.
Delstudium i utlandet
Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes individuell rettleiing, førelesingar, seminar, ensemblespill og prosjekt. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan meisterklassar, konsertar, ensembleøvingar, prosjekt og seminar kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar.
Det er krav om at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider både med praktisk og teoretisk refleksjon. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, seminarbasert undervisning og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som krev sjølvstende og samstundes evne til interaktiv deltaking.
Det er obligatorisk å delta i seminar, fellestimar, ulike ensembleaktivitetar som sinfonietta, kammerorkester og fellesprosjekt for instituttet m.m. Planar for dette vil føreligge ved semesterstart
Vurderingsformer
Utøving:
Eksamenar i form av konsertar og munnlege og skriftlege presentasjonar eller skriftlege arbeid.
Komposisjon:
Eksamenar i form av framstilling av kompositorisk arbeid og munnlege presentasjonar og skriftlege arbeid.
Vurderingsformene er omtala i dei einskilde emneskildringane.
Karakterskala
«bestått» / «ikkje bestått»
Grunnlag for vidare studium
Studiet gir grunnlag for å søkje vidare på stipendprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50