Hjem
Utdanning
Studieretning

Bioinformatikk

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Mål:

Masterstudentar i informatikk med studieretning bioinformatikk har etter fullført studie monalege kunnskapar og ekspertise innan bioinformatikk, systembiologi, analyse av molekylærbiologiske data, så vel som ekspertise innan relatert programmering.

Bioinformatikk er eit interdisiplinært fagområde som gjev studentane overblikk over spesialiserte områder som medisin og biologi. Gjennom masterstudiet får studentane ein grundig introduksjon til vitskaplege arbeidsprinsipp, som til dømes å gjere greie for nyaste forsking i faget og å kunne presentere sitt eige arbeid.

Innhald:

Bioinformatikk er eit fagområde med veksande relevans innan molekylær livsvitenskap. Avanserte algoritmer og metodar frå maskinlæring og data-analyse blir brukt til å prosessere og analysere store og komplekse datasett. Data kan vere ulike målingar, til dømes frå sekvensering av DNA og RNA eller målingar av protein-aktivitet. Molekylærbiologiske data skal ofte analyserast saman med høgare-nivå informasjon om til dømes sjukdom, respons på medisin eller andre parametrar.

Innan bioinformatikk utviklar og nytter vi metodar for å prosessere, analysere og presentere molekylærbiologiske data. Dømer på bioinformatikk er innan persontilpassa medisin prediksjon av respons på medisin, innan økologi analyse av miljø-data knytt til forureining.

Fagleg profil

Bioinformatikk er eit felt der ein utviklar og nyttar program og databaser for å ta vare på og analysere molekylærbiologiske data. Dette inneber utvikling av algoritmar og bruk av teknikkar frå blant anna maskinlæring, mønstergjenkjenning, statistikk og visualisering. Innan bioinformatikk utviklar ein metodar, verktøy og databasar som kan nyttast i molekylærbiologiske og biomedisinske prosjekt. Med bruk av bioinformatikk kan ein óg utforske biologiske og medisinske spørsmål og i aukande grad er prosjekt innan livsvitskap drivne av berekningsbaserte tilnærmingar som bioinformatikk og system-biologi.

Bioinformatikkgruppa ved UiB var den første som blei etablert nasjonalt, og ei av dei første internasjonalt. I dag er gruppa organisert som eit senter ¿ Computational Biology Unit (CBU) ¿ som óg inkluderer personale frå andre institutt ved UiB. CBU driv utstrakt nasjonalt og internasjonalt samarbeid om utvikling og bruk av bioinformatiske metodar. CBU tilbyr utdanning innan bioinformatikk på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Emnaa innan bioinformatikk har namn som startar på BINF.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan forklare det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande bioinformatiske metodar, og drøfte og grunngje val av metodar for å løyse aktuelle problem
  • Kan gjere greie for og drøfte teori og/eller vitskaplege artiklar innan valde, vidaregåande emne innan bioinformatikk og eventuelt tilstøytande fagfelt
  • Kan syne at ein har avansert kunnskap innanfor informatikk generelt, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område innan bioinformatikk knytt til mastergradsprosjektet
  • Har tilstrekkeleg kunnskap innan eit biologisk fagfelt (t.d. molekylærbiologi) til å kunne jobbe i interdisiplinære samarbeid

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utvikle program for å gjennomføre bioinformatiske analyser
  • Kan bruke sentrale databasar, verktøy og programmeringsbibliotek innan bioinformatikk
  • Kan planleggje og gjennomføre analysar av verklege eller simulerte molekylærbiologiske data og vurdere resultata i lys av hypotesane som blir testa
  • Kan utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • Kan hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet
  • Kan analysere og halde seg kritisk til vitskaplege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan bioinformatikk
  • Kan analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av metodar og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • Kan framstille vitskaplege tema og forskingsresultat på ein god måte både skriftleg og munnleg.
  • Kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor bioinformatikk, både med spesialistar og til ålmenta
  • Kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • Kan demonstrere forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og kva det å skilje mellom kunnskap og meiningar tyder.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne (ikkje STAT100). INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen