Hjem
Utdanning
Studieretning

Sikker og påliteleg kommunikasjon

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Mål:

Å utvikle studentar til masternivå innan emna kodeteori, telekommunikasjon, kryptografiske primitiv og både nettverkskoding og nettverkstryggleik. Dei tilhøyrande matematiske algoritmane og strukturane vil bli dekt. Målet er både å forbereie studentane på ei framtid i næringslivet i informatikk eller matematikk eller sikkerheit, og/eller ei akademisk karriere.

Innhald:

Programmet inneheld emne innan kodeteori, informasjonsteori, kryptografi, nettverk-informasjonsteori og nettverkstryggleik. Kvar student fullfører i tillegg ei masteroppgåve på eit relevant emne i samarbeid med ein rettleiar. Alle emna fullførast på eit semester og blir vurdert på grunnlag av ein kombinasjon av innleveringar og eksamenar.

Fagleg profil

Gruppa utfører forsking innan sikker kommunikasjon på høgt internasjonalt nivå. Han har gode kontaktar i det internasjonale samfunnet og har vore regelmessig involvert i organisering av mange internasjonale konferansar. Gruppa har vorte vurdert som "Utmerkte" i alle tre evalueringene av IKT-grupper i Noreg initiert av Noregs forskingsråd.

Mastergradsprosjekta vil vera teoretiske eller praktiske. Prosjekt blir valt for å gi kandidatane eit innblikk i interesseproblem ved grensa til internasjonal forsking i utforming av kryptografiske primitiver, state-of-the-art kryptanalyse, postkvantumkryptografi, kvanteinformasjonsteori, kodeteori etc.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Er kjent med noverande kunnskap på områda kodeteori, telekommunikasjon, kryptografi og nettverkstryggleik.
  • Er kjent med nært føreståande utviklingar i dei ovennevnte områda.
  • Har meistra den matematiske teorien som understøtter dei ovennevnte områda.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan analysere og designe system for kodeteori, telekommunikasjon, kryptologi og nettverkstryggleik.
  • Vere i stand til å simulere system ved hjelp av programmering.
  • Har gjennom arbeidet med masteroppgåva noko kjennskap til korleis å utføre forsking innan spesialistområde, og er i stand til å arrangere og presentere sånn forsking i form av eit dokument (avhandling).

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan assimilere forskjellige tema i kurset og skjønne korleis dei relaterer til kvarandre.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen