Hjem
Utdanning
Studieretning

Visualisering

  • Lengde2 År
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Mål:

Masterstudentar i informatikk med studieretning visualisering har etter fullført studie monalege kunnskapar og ekspertise innan visualisering, datagrafikk og interaktive metodar, så vel som ekspertise innan relatert programmering.

Visualisering er eit interdisiplinært fagområde som gjev studentane overblikk over spesialiserte områder som medisin, biologi og geovitskap. Gjennom masterstudiet får studentane ein grundig introduksjon til vitskaplege arbeidsprinsipp, som til dømes å gjere greie for nyaste forsking i faget og å kunne presentere sitt eige arbeid.

Innhald:

Visualisering er eit fagområde med framveksande relevans i datavitskap med mange bruksområder. Avansert datagrafikk blir brukt til å formidle innsikt frå store og komplekse datasett. Data kan vere ulike målingar, til dømes frå medisinske 3D skannarar eller seismikk/sonar, datasimuleringar (t.d. væskedynamikk) eller frå kompleks modellering, som modellering av dynamiske system ved bruk av differensiallikningar.

Visualisering tar for seg interaktiv utgreiing og analyse av data og presentasjon av resultatet. Meiningsfulle dømer på visualisering er volumgjengjeving av medisinske 3D-bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly (aerodynamikk), og visualisering av store hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystemet på ei datamaskin.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan gjere greie for grunnleggjande prinsipp innan datagrafikk og visualisering.
  • Kan anvende ulike tilnærmingar til visuell analyse og/eller vitskapleg visualisering av praktiske problem.
  • Kan beskrive passelege visualiseringsløysingar for ulike scenario.
  • Kan finne og bruke relatert vitskapleg arbeid ved løysing av praktiske problem.
  • Kan gjere greie for prinsipp innan programmering, som inkluderar GPU programmering.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utforme løysingar for grunnleggjande informatikkproblem innan grafikk og visualisering.
  • Kan demonstrere problemløysing i samsvar med vitskaplege arbeidsprinsipp.
  • Kan arbeide med ulike typar data.
  • Kan utvikle program for informatikk og data-analyse.
  • Kan kommunisere effektivt.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan klassifisere visualiserings- og datagrafiske teknikkar
  • Kan argumentere for ei bestemt løysing
  • Kan kommunisere ei bestemt løysing
  • Kan organisere og strukturere ei bestemt problemløysingstilnærming i eit gruppemiljø.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen