Studieplan for MAHF-SPLA Spansk språk og latinamerikastudium, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i spansk og latinamerikastudium
Omfang og studiepoeng
Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.
Fulltid/deltid
Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.
Undervisningsspråk
Spansk
Studiestart - semester
Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også i vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.
Mål og innhald
Mål:
Spansk er dagleg bruksspråk for nærare 500 millionar menneske. På verdsbasis er interessa for spansk stor, og Noreg har eit aktivt tilhøve til Latinamerika via investeringar, miljøsatsing, menneskeretts- og demokratitiltak. Solide kunnskapar om spansk språk og Latin-Amerika kan gje deg gode arbeidsutsikter i ei verd der språkkunnskap og interkulturell kompetanse er viktigare enn nokon gong.
Programmet sitt læringsmål er å gje kunnskap om og teoretisk innsyn i Latin-Amerikas språk, litteratur, historie og kultur. Programmet kombinerer tre disiplinar, språk, litteratur og historie, med sikte på å utvikle analytiske og metodiske evner som gjer denne kunnskapen nyttig i både norsk og internasjonal samanheng.
Innhald:
Det første året av programmet inneheld emne på til saman 60 studiepoeng som har som mål å gje studenten teoretisk og metodologisk grunnlag for å kunna utføre sjølvstendig forskingsarbeid innan latinamerikastudier. Gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar vil studenten kunne utvikle god evne til kritisk tolking og analyse av spanskspråklege tekstar i vid meining.
I det andre året i programmet er føremålet å skrive ei masteroppgåve. Arbeidet med masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng. Emnet for oppgåva skal liggje innanfor tematikken i studieprogrammet (spansk språk, latinamerikansk litteratur, historie eller kultur). Det er også mogeleg å skrive masteroppgåve med ei fagdidaktisk vinkling. Oppgåva skal vise studentane si evne til å gjere vitskapleg utgreiings- og forskingsarbeid ved å analysere kritisk større mengder informasjon.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha
følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har solid kunnskap innan spansk lingvistikk og latinamerikansk kultur- og litteraturstudium.
- har inngåande kunnskapar om fagområdet som vedkjem vitskaplege teoriar og metodar.
- kan bruke kunnskapen på nye område innanfor språk, litteratur, historie og kultur.
Kompetanse
Studenten
- har utvikla ei sjølvstendig og kritisk forståing av forskingstradisjonar innanfor studiet
- har utvikla vidare den språklege kompetansen frå grunnutdanninga.
- kan på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale frå éin av dei tre hovuddisiplinane.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar.
- kan bruke kunnskapane sine og kompetansen sin på nye område for å gjennomføre spesialiserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både generelt og med spesialistar.
- kan yte tilskot til nytenking og innovasjonsprosessar.
Opptakskrav
Masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i spansk språk og latinamerikastudium, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
Bachelorgrad i spansk språk og latinamerikastudium
Andre bachelorgrader som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i Spansk språk og latinamerikastudium eller tilsvarande.
Du må også ha:
Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Spesifikke språkkrav: Søkarar som ikkje dekkjer kravet til norskkunnskapar, kan dekkje språkkravet med engelskkunnskapar på følgjande nivå:
IELTS academic- International English Language Testing System (British Council's): Minimum score of 6.0 on each of the bands: Listening, Reading, Writing and Speaking
TOEFL - Test of English as a Foreign Language, internet-based test (iBT): Minimum score of 80
PTE Academic- Pearson Test of English Academic: Minimum overall score of 53
Tilrådde forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.
Innføringsemne
Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.
Obligatoriske emne
SPLA311 - Trender i moderne spansk lingvistikk: teori og metode (H - 10 stp)
SPLA312 - Latinamerikansk litteratur: tilnærmingar og metoder (H - 10 stp)
SPLA313 - Stemmer i latinamerikansk historie (H - 10 stp)
SPLA314 - Prosjektdesign og forskingformidling for latinamerikastudium (V - 10 stp)
SPLA315 - Spesialisering i latinamerikastudium (V - 20 stp)
SPLA350 - Mastergradsoppgåve i spansk og latinamerikastudium (H og V - 60 stp)
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølgje for emna i studiet:
1. semester (haust)
SPLA311 - Trender i moderne spansk lingvistikk: teori og metode (10 stp)
SPLA312 - Latinamerikansk litteratur: tilnærmingar og metodar (10 stp)
SPLA313 - Stemmer i latinamerikansk historie (10 stp)
2. semester (vår)
SPLA314 - Prosjektdesign og forskingformidling for latinamerikastudium (10 stp)
SPLA315 - Spesialisering i latinamerikastudium (20 stp)
3. semester (haust)
SPLA350 - Masteroppgåve i spansk og latinamerikastudium
4. semester (vår)
SPLA350 - Masteroppgåve i spansk og latinamerikastudium
Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing i samsvar med ressursane på faget. Student og fagmiljø skal teikne ein forpliktande rettleiingskontrakt seinast i andre semester, som regel etter vurdering av prosjektskissa og alltid i samsvar med ressursane på faget. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar. Tildeling av rettleiar skjer på bakgrunn av ressursane på faget. Det er mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.
Faget rår til at eventuelt studieopphald i utlandet skjer i 2. semester. Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.
Delstudium i utlandet
Det er tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.
Faget rår til at eventuelt studieopphald i utlandet skjer i 2. semester.
Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet
Ein kan òg velja frå Universitetet i Bergen sine avtalar med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.
.
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.
På dei aller fleste emna på programmet er det førelesingar og seminar der frammøte er sterkt tilrådd.
Arbeidsmetodar er førelesingar/seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring og rettleiing.
Rettleiing per e-post/telefon blir berre gjeve i særhøve, og då etter godkjenning av søknad til instituttet.
For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Vurderingsformer
Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg eksamen. Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.
For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
- A-F, der F er stryk
- greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullførd.
Grunnlag for vidare studium
Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.
Studentar som planlegg å ta PPU, må syte for å få dekka opptakskrava gjennom studietida. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED
Relevans for arbeidsliv
Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: forskings- og undervisningsarbeid ved høgskule og universitet, undervisningsarbeid i grunnskule og ved vidaregåande skule, omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande.
Evaluering
Masterprogrammet blir evaluert kontinuerleg i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programmet har ikkje krav om autorisasjon eller vurderingar av kor skikka kandidatane måtte vere for ulike arbeidsoppgåver.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
studierettleiar.if@uib.no
Tlf. 55 58 93 70