Studieplan for MAMN-INFOP Optimering, haust 2024
Namn på grad
Mastergrad i informatikk - optimering.
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i informatikk - optimering har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Verksemder i Bergen og resten av Noreg optimerer: Produksjonsverksemder maksimerer avkastninga og minimerer produksjonskostnadene sine. Transportfirma vil finna raskaste kjøreruter. Investorar prøver å setja saman porteføljer med lav risiko og høg forventa avkastning. Skipsmeklarar engasjerer forsikringsverksemder for å oppretta forsikringar med lavast mogleg premie.
Berre gode optimerarar kan optimera godt, og berre velutforma algoritmar kan gjera dei tunge utrekningane som utfordrande optimeringsprosessear krev. I masterprogrammet i optimering ved Institutt for informatikk får du læra å skriva og implementera slike algoritmar, og læra å setja dei i praktisk bruk, slik at du blir ein av ekspertane som gjennomfører viktige optimeringsoppgåver i den verkelege verda.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
Kan gjere bruk av teori og optimeringsmetodar for å modellere og løyse verkelege problem, f.eks. innan
- forsyningskjeden, logistikk og transport,
- matematisk finans, og
- teknologi.
- Demonstrere brei kunnskap om dei viktigaste konsepta innan optimering.
- Kan greie ut om metodar og algoritmar innan optimering og korleis ein kan implementere desse.
Ferdigheiter:
Kandidaten
- Kan formulere praktiske problemstillingar frå industrien som optimeringsproblem.
- Kan planleggje, utforme og utvikle eit sjølvstendig forskingsprosjekt i optimering.
- Kan foreslå eller utvikle passande teknikkar for løysing av optimeringsproblem.
- Kan analysere optimeringsproblem og algoritmar.
- Kan utvikle og implementere passande teknikkar for løysingar på ei datamaskin.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- Har solid teoretisk og teknisk grunnlag for vidare studiar innan teori, løysingsmetodar og programvare for optimering.
- Meistrar å jobbe både sjølvstendig og i gruppe.
- Har eit kritisk og analytisk syn både på eige og andre sitt arbeid.
- Kan demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betydning av å skilje mellom kunnskap og meiningar.
Opptakskrav
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
- Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
- Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
- Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelor Dataingeniør fra HVL
- Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
- Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100) . MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.
Emnedelen
To emne er obligatoriske:
INF234 Algoritmar
INF270 Lineær programmering
Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
1. semester haust: INF234, INF270, valemne
2. semester vår: valemne, valemne, valemne/Oppgåve
3. semester haust: Oppgåve/valemne, Oppgåve
4. semester vår: Oppgåve
Anbefalte valemne:
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.
I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over kurs og milepålar i arbeidet med oppgåva.
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og kandidatar med ein mastergrad i informatikk er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning. Dei som spesialiserer seg innan optimering, arbeider ofte med modellering, metodeutvikling og implementering innan produksjonsplanlegging, transport og andre former for industriell planlegging. Den vidaregåande skulen har eit stort udekka behov for lærarar med god bakgrunn i matematikk og informatikk.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no
Adminstrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no
Tlf 55 58 40 25