Arendalsuka
Lanserte Karbonplanlegger under Arendalsuka
Klima- og energiomstillingssenteret CET lanserte sin karbonplanleggar under Arendalsuka på stand for Universitetet i Bergen.
Leiar for CET- senteret, Håvard Haarstad smiler breitt saman med Judith Louise Dalsgård
Foto/ill.:
Torill Ervik / UiB
Hovedinnhold
Oppdatert: 17.10.2019 (Først publisert: 13.09.2019)
Klima- og energiomstillingssenteret CET stilte sterkt på UiB sin stand under Arendalsuka 2019.
Ved hjelp av ein eigenutvikla "karbonplanleggar" fekk publikum hjelp til å rekne ut kor mykje reisene deira vil sleppe ut av klimaskadeleg karbon, og dei kunne legge ein plan for korleis sleppe ut mindre i framtida.
– Eg trur nøkkelen til mindre utslepp kan ligge i god planlegging, seier Kårstein Måseide, som har vore med på å utvikle applikasjonen.
Du kan sjølv prøve karbonplanleggaren her.