Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
ERC Consolidator Grant

Skal finne formelen for politisk uthaldenheit

Med det prestisjetunge Consolidator Grant i lomma vil professor Ragnhild Muriaas få fram i lyset kva som gjer at kvinner forlet politikken raskare enn menn, og kva som får dei til å bli.

Professor Ragnhild Muriaas ERC Consolidator Grant.jpg
Professor Ragnhild Muriaas har mottatt prestisjefulle Consolidator Grant frå European Research Council. Ho vil bygge opp eit forskingsmiljø som skal lansere ein ny måte å skjøne kjønnsbalanse i politikken på.
Foto/ill.:
Atle Kold Hansen

Hovedinnhold

– Eg lanserer ein heilt ny måte å forstå kjønnsbalanse i politikken på. Det er ikkje nok å telle så mange menn og så mange kvinner, for vi kan ikkje snakke om balanse i miljø der alle dei gamle ringrevane er menn, medan alle kvinnene er politiske rekruttar. Kjønnsbalanse handlar også om erfaring og uthaldenheit.

Det seier professor i statsvitskap ved Institutt for samanliknande politikk, Ragnhild Muriaas. I dag vart det kjend at ho er ein av berre åtte forskarar i Noreg som får tildelt det prestisjetunge Consolidator Grant frå European Research Council (ERC). Stipendet på to millionar euro gir henne midlar til å bygge opp ei forskargruppe over ein periode på fem år rundt temaet «sukksessfaktorar for politisk uthaldenheit». SUCCESS er også namnet på prosjektet, for ho vil vekk frå eit einsidig søkjelys på det som ekskluderer til faktorar som fører til suksess.

Politisk uthaldenheit avgjer

Folkevalde treng ofte fartstid før dei klarer å representerer veljarane sine effektivt. Når ein skal utforme politikk for saksfelt som pandemiberedskap, klimaendringar, migrasjon og global sikkerheit er det nødvendig å ha erfaring for å få gjennomslag. Kven som held ut i politikken er difor avgjerande for kven som får gjennom sin politikk.

– Kva om det er institusjonelle og strategiske årsaker som gjer at kvinner forsvinn ut av politikken raskare enn menn? Menn blir verande, medan kvinner ser ut til å gå rett inn i ei svingdør, forklarer Muriaas.

I Noreg såg vi sist eit døme på problemstillinga då yngre kvinner i Trøndelag Arbeidarparti fortalde at dei var redde for å varsle om trakassering sidan dei frykta å bli stengde ute.

– Kvinnene måtte ta eit strategisk val for å sikre dei politiske karrierane sine. Skulle dei teie for ikkje å bli utestengde av sentralt plasserte medlemer i partiorganisasjonen, eller kunne dei snakke fordi dei hadde støttespelarar som ville støtte heltemotet deira i nettverka sine eller i folket, spør Muriaas retorisk.

Opnar dører

ERC gir Consolidator Grant til forskarar som har utmerka seg og som dei meiner har hatt ei særskild tyngde i forskinga til no. Muriaas framhevar at tildelinga frå ERC har mykje å seie ut over sjølve finansieringa.

– Eit så prestisjefullt stipend er ein døropnar, ikkje berre fordi akademikarar står klare til å sleppe til ein person med eit stipend frå ERC, men også fordi det gir fagleg sjølvtillit. Eg trur eg vil tore å uttrykke meg sjølv enda meir med ein ERC i lomma.

Les vårt profilintervju med Muriaas her: Med politikk som yrke