Tilbake i førelesningssalen
Etter åtte år som rektor, er Sigmund Grønmo no tilbake ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. I haust underviser han i metode: - Det er kjempefint å vera tilbake.
Hovedinnhold
Faget MET102 Samfunnsvitskapleg metode er kjent og kjært for mange som har studert ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Det er eit samarbeid mellom Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt. Faget skal gi studentane grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode.
I løpet av hausten skal studentane innom alt frå deltakande observasjon til regresjonsanalyse. Den som skal leia dei gjennom metodemangfaldet dette semesteret er Sigmund Grønmo, professor i sosiologi. Etter å ha vore rektor ved Universitetet i Bergen frå 2005 til 2013, er han no tilbake i førelesningssalen.
Hyggeleg å undervisa
- Det er kjempefint å vera tilbake som førelesar, seier Grønmo. - Eg er særdeles glad for å vera tilbake etter å ha vore rektor i åtte år. Studentane er interesserte og interessante, dei er dyktige og dei stiller spørsmål. Det er veldig hyggeleg å undervisa, seier Grønmo.
I undervisinga bruker han læreboka, Samfunnsvitenskapelig metode, som han ga ut i 2004. No ser han frem til å revidera boka og gjera den endå betre, og han får gode innspel frå studentane til dette arbeidet. Når semesteret er over og studentane har gjort seg ferdige med eksamen, skal han ut i forskingstermin.
Applauderande studentar
I løpet av dei åtte åra han har vore rektor, har nok både bærbare PC-ar og smarttelefonar blitt meir utbreidd blant studentane. Dei får likevel gode skussmål frå førelesaren sin: - Dei ser oppmerksame ut og dei følgjer med. Det er likevel éi endring han har merka seg: - Studentane applauderer når førelesinga er over. Det er kjekt for førelesaren.
Mangfald av metodar
Grønmo har undervist i metode lenge, både i Norge og i utlandet. I tillegg har han altså gitt ut ei lærebok i samfunnsvitskapleg metode. Kvifor dette engasjementet for metode?
– Det er ei langvarig, generell interesse. Metode overskrid alle tema og gir kontakt med dei fleste fagfelta i samfunnsvitskapen, seier han.
Det er eit omfattande fag; i løpet av semesteret skal studentane kollokviera, delta på laboratoriearbeid i PC-stover og levera inn fleire øvingsoppgåver. Faget har gjerne rykte på seg for å vera litt krevjande: - Det er kanskje ikkje ufortent. Det er eit stort mangfald av metodar, ein skal meistra både det kvalitative og det kvantitative, seier Grønmo. – I tillegg er jo matematiske ferdigheiter gode å ha i dette faget.
Studentane skal læra seg grunngivingar for ulike metodar og kunna sjå avgrensingar. Grønmo legg vekt på å formidla til studentane at det er ein store fordel å beherska fleire metodar. For med gode metodekunnskapar står ein fritt til å følgja faglege interesser.