Jubileumskonferanse for IMER
Den 9.-11. november feirar IMER sitt 15- årsjubileum med ein internasjonal konferanse ved UiB. Konferansen er open for alle interesserte.
Hovedinnhold
Bredt forankra forsking
IMER Bergen er ei tverrfaglig forskingseining ved Universitetet i Bergen og Uni Rokkansenteret. Forskingseininga har i hovudsak fokus på tema knytt til internasjonal migrasjon og etniske relasjonar, og ynskjer med dette å bidra med forsking som er til nytte for samfunnsvitskapen generelt.
Når det gjeld sjølve jubileumskonferansen, har målet vore å lage eit program som viser bredda av forskinga:
- Vi ynskjer å syne fram bredda ved IMER- forskinga ved UiB, både den tverrfaglege forskinga som gjerast ved institutta ved Det samfunnsvitskaplege fakultet og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), men òg det internasjonale samarbeidet som finnest, seier fagleg leiar ved IMER, Christine Jacobsen.
Konferansen open for alle
Under konferansen vil det haldast foredrag med tema som Mediediskurser etter 22/7, Høyrepopulisme i Skandinavia, Sekularisme og religiøsitet i Europa, Politisk mobilisering blant minoritetsungdom, Multikulturalisme og integreringsideologi, Mangfold og europeisk offentlighet, og Migrasjon og neoliberal globalisering. Doktorgradsstudentar har også høve til å delta på et ph.d-kurs i forbindelse med jubileumskonferanse.
- Vi har forsøkt å lage eit program som appellerer til mange. I tillegg til kjende lokale og internasjonale foredragshaldarar, vil det haldast eit performance-foredrag med tittelen «Crossing borders» ved den serbiske kunstnaren Tanja Ostojic på Galleri 3.14 torsdag kveld kl. 19. Konferansen er open for alle, og det er berre å møte opp dersom ein ynskjer å høyre på foredrag eller delta på den kulturelle biten, seier Jacobsen.