Hjem
Universitetshagene
Nyhet

Gartnar / sesongmedarbeidar 2024

Er du interessert i planter, natur og hagebruk? Likar du godt å arbeide ute? Vi treng ekstrahjelp til våre plantesamlingar. Søknadsfrist 31. januar 2024.

Utplanting av georginer
Foto/ill.:
Solveig Lokøen Knudsen

Hovedinnhold

Vi søkjer etter sesongmedarbeidarar (gartnarmedhjelparar) ved hagane på Milde og i Muséhagen (frå 4 - 6 veker til nokre månader). Hagane er organiserte under Universitetshagane (Arboretet - Bergen botaniske hage - Muséhagen), Universitetsmuseet, UiB. 

Arbeidsoppgåver:

  • Luking og stell av plantesamlingane
  • Slått med grasklippar, trimmar og slåmaskinar
  • Utplanting
  • Produksjon, stell og vedlikehald av veksthusplanter
  • Anna gartnararbeid etter behov
  • Arbeid i helgane kan bli aktuelt, som til dømes å hjelpe til under arrangement.

Arbeidstida på kvardager er kl 0730 - 1500.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gartnerutdanning er ønskeleg, men er ikkje eit krav
  • Vi søkjer etter deg som er positiv, sjølvstendig, arbeidsvillig med gode samarbeidsevner
  • Fylt 18 år
  • God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode engelsk kunnskapar telje positivt

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte overgartnar Mladen Golubovic, tlf. +47 94878859 eller e-post mladen.golubovic@uib.no

Søknad med vedlegg skal sendast elektronisk gjennom www.jobbNorge. Sjå heile annonsen her:

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/255882/gartner-gartnar-sesongmedarbeidar-gartnarmedhjelpar-2024