Hjem
Universitetshagene
Arboretet

Rosegartnaren inviterer til roseparadis

Det er no du må kome til Rosariet på Arboretet, seier rosegartnar Stefan Reimann. Han har aldri før sett så mange av rosene blomstre samstundes, og det er ei fantastisk reise både i fargar og dufter. Stefan står og ser utover sørhellinga mot Fanafjorden. Her er veks det over 500 ulike roser i slekta Rosa. Norges største samling av roser. 

Rosa 'Ghislaine de Feligonde'
Rosa 'Ghislaine de Feligonde'
Foto/ill.:
Helene Ødven

Hovedinnhold

Rosariet viser rosene sin variasjon, mangfald og historie. På veg gjennom samlinga er det tilrettelagt med mykje god informasjon som ein kan lese undervegs.

Utstillinga er delt i tre, villrosebakken, den historiske rosesamlinga og sjølve rosehagen.

  • I bakken med villrosene ser ein rosene slik dei naturleg førekjem i naturen
  • I den historiske bakken ser ein eldre rosesortar og kultiveringshistoria
  • I rosehagen viser moderne hageroser vi menneske har foredla frå kryssingar mellom artane.

Mange av rosene i rosehagen har blitt oppkalla etter kunst og kunstnarar, men det er også namn med utsegn slik som rosa «Look Good … Feel Better». For nettopp det utsegnet er treffande; rosene ser verkeleg fantastiske ut, og ein kjenner seg definitivt mykje betre etter ein tur i roseparadiset. 

Vi håpar mange vil ta turen til Rosens dag i Arboretet søndag 14. juli. Det blir omvisning av rosegartnar Stefan Reimann. Nautesund Planteskule vil vere tilstades med sjeldne og spanande rosebusker for sal.  Dette er planter du ikkje finn på dei vanlege hagesentrene. Roseentusiaster vil vere tilstades heile dagen. Dei har mange gode rosetips til oss, og lang erfaring med roser. Det vert også ein liten kafè med forfriskingar.

De er varmt velkomne! 

Helsing Norsk Roseforening avd. Vestland, Universitetshagene og Stiftelsen Det norske arboret.