Hjem
Universitetshagene
Jobb ledig

Gartner/Gartnar (Sesongmedarbeidar/Gartnarmedhjelpar) 2025

Vi søker etter sesongmedarbeidere (gartnermedhjelpere) ved Universitetshagene på Milde og i Muséhagen. Søknadsfrist 02.02.2025

Luking i Bergen botaniske hage
Foto/ill.:
Berit Gehrke

Hovedinnhold

Vi søkjer etter sesongmedarbeidare (gartnarmedhjelpare) ved Universitetshagene på Milde og i Muséhagen.

Er du interessert i planter, natur og hagebruk? Liker du godt å arbeide ute?
I perioden april - september trenger vi ekstrahjelp til arbeid i plantesamlingan e våre på Milde og i Muséhagen på
Nygårdshøyden. Engasjementet kan variere fra fire (4) uker inntil seks (6) månadar. Universitetshagene består av Arboretet, Bergen botaniske
hage og Muséhagen som er organisert under Universitetsmuseet ved UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Luking og stell av plantesamlingane
  • Slått med grasklippar, trimmar og slåmaskiner
  • Utplanting
  • Produksjon, stell og vedlikehald av veksthusplanter
  • Annet gartnararbeid etter behov
  • Arbeid i helgene kan bli aktuelt, f.eks. å delta aktivt på dei ulike arrangementa

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gartnerutdanning er ønskeleg, men er ikkje eit krav.
  • Vi søkjer etter deg som er positiv, sjølvstendig, arbeidsvillig med gode samarbeidsevner
  • Fylt 18 år
  • God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode engelsk kunnskapar telje positivt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som fagarbeidar (kode 1117) er for tida kr 408 800 i det statlege regulativet. Stillinga er plassering i stige, og lønnsplasserast etter dokumentert lønnsansiennitet ved tiltreding, eller løn som fagarbeidar med fagbrev (kode 1203) er for tida kr 466 600. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til overgartner Mladen Golubovic, telefon +47 94878859 eller epost mladen.golubovic@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn,
etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • Begrunnelse for søknaden
  • Tidsrommet du kan arbeide - i perioden frå april til og med september
  • CV med oversikt over utdanning og arbeidserfaring
  • Relevante attestar (må innehalde tydeleg oversikt over antall dagar og antall timer)

Ved tiltreding i stilling som fagarbeidar (kode 1117) kan innlevering av attester for tidlegare arbeidsforhold utanfor UiB (over 37% stillingsprosent), som samla sett utgjer meir enn eitt års varigheit tilsvarande 100% stilling, medføre justering av lønsplassering. 

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til et intervju. Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga»
Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Tilleggsinformasjon

Arbeidsstad:

Universitetshagene - Aboretet, Botanisk hage på Milde eller i Muséhagen på Nygårdshøyden 5020 Bergen (Bergen Kommune).