Hjem
Universitetshagene

1. Overgang mot Sørlige halvkule

Epacris paludosa frå Australia, Gaultheria pumila frå Chile, Podocarpus frå New Zealand...

Hovedinnhold

Dette området dannar ein fin overgang mot samlinga frå Den sørlege halvkula.

Lyngfamilien har eit tyngdepunkt i Sør-Afrika, der slekta klokkelyng (Erica) har meir enn 700 artar. Diverre er det ingen av desse vi kan ha håp om å få til på Milde utan å ta dei inn om vinteren.

Men andre har overlevd, m.a. ein einskild busk av Epacris paludosa frå Mt. Kosciuszko i SA-Australia.  Det har òg villinnsamla artar av Gaultheria frå Chile, som den vesle G. pumila.

I tillegg til lyngfamilien, finst nokre varmekjære artar som har den same vekstformen. Døme på slike er Podocarpus (Podocarpaceae; eit bartre) frå Sørøya i New Zealand, Maytenus disticha (Celastraceae) og Myrteola nummularia (Myrtaceae) frå Chile, som òg er tilpassa lynghei i fjella på den Sørlege halvkula.

Tilbake til lynghagen.