Steinslitar på Milde legg hanskane på hylla
Faktisk har ikkje gartnarveteran Jon Kleveland vore så flink til å bruke hanskane sine. Men derimot har han flittig brukt sitt rutinerte ”steinauge” og handlag når han dei 10 siste åra har bygd opp fjellhagen og steinmurer elles i Arboretet og Botanisk hage.

Hovedinnhold
Me som har hatt Jon som kollega og læremeister i nær 12 år er svært audmjuk ovanfor han som no pensjonerer seg. Trass eit heilt arbeidsliv som anleggsgartnar, er det knapt ingen av oss i staben på Milde som er så mjuk og sprek som denne pensjonisten.
Jon har sin styrke ikkje berre i hendene, men også i hovudet. Dei mange vanskelege latinske namna som han har halde greie på i både Fjellhagen og Japanhagen, hugsar han like godt som gamle olympiske merittar. Jon sin interesse for skøytetider er unik.