Hjem
Lektorutdanning

Opptakskrav for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet.

Hovedinnhold

Kva for utdanning treng du?

For å kome inn på PPU treng du:

  • fullført mastergrad

eller 

  • fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Dette unntaket frå krav om mastergrad gjeld til og med opptaket hausten 2029.

I tillegg må søkar ha: 

  • fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i, sjå kva fag vi tilbyr
  • minimum 60 studiepoeng i faget/faga
  • eit karaktersnitt på minst C i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.
  • kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse
    - viss du har oppnådd generell studiekompetanse dekker du språkkravet i norsk, og treng ikkje å dokumentere dette.
    - viss du ikkje har generell studiekompetanse, må du dokumentere norskkunnskapar på eit nivå tilsvarende generell studiekompetanse.

I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Kva for fagleg fordjuping treng du?

Du må ha fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skolen, og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Det er særlege krav til samansettinga av fordjupinga.

Sjå krava som gjeld for faga du søkar opptak til:

Dersom du er interessert i PPU innanfor utøvende musikk/komposisjon eller PPU i kunst og design, finn du opptakskrava og meir informasjon her. 

Korleis oppnår eg fagleg fordjuping viss eg manglar det?

Viss du ikkje oppfyller dei faglege krava for å komme inn på PPU, kan du søke opptak til UiB for å ta dei faga du manglar. Du kan for eksempel søke opptak til eit årsstudium i faget du ønskjer å fordjupe deg i gjennom Samordna Opptak. Viss du nettopp har fullført ei grad ved UiB kan du søke om poststudierett.