Hjem
Det humanistiske fakultet

PPU i språkfag, historie, religionsvitskap og filosofi - fagkrav

Informasjon om krav til fagleg fordjuping for opptak til PPU i det enkelte faget

Hovedinnhold

Engelsk: Minimum 60 studiepoeng i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor engelsk lingvistikk og 20 studiepoeng vere innanfor engelsk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore engelsk. Årsstudium i engelsk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Fransk: Minimum 60 studiepoeng i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor fransk lingvistikk og minimum 20 studiepoeng vere innanfor fransk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore fransk. Årsstudium i fransk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Tysk: Minimum 60 stp. i faget. Av desse skal minimum 30 studiepoeng vere språkemne i tysk. Undervisningsspråket skal hovudsakleg ha vore tysk. Årsstudium i tysk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Spansk: Minimum 60 stp. i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor spansk lingvistikk og minimum 20 studiepoeng vere innanfor spansk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore spansk.. Årsstudium i spansk språk og latiamerikastudium frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Italiensk: Minimum 60 stp. i faget. Av desse skal minimum 20 studiepoeng vere innanfor italiensk lingvistikk og minimum 20 studiepoeng vere innanfor italiensk litteratur/kultur. Undervisningsspråket skal ha vore italiensk. Emne frå UiB tilsvarande eit årsstudium kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/ utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Nordisk: Minimum 60 studiepoeng i nordisk språk og litteratur. Av desse 60 studiepoenga skal det normalt vere 30 studiepoeng i nordisk språk og 30 studiepoeng i nordisk litteratur. Etter ei fagleg vurdering kan ein kome inn med minst 20 studiepoeng i språk og minst 20 studiepoeng i litteratur. Dei 20 siste studiepoenga kan då vere norske/nordiske emne i språk, litteratur eller norsk som andrespråk. Årsstudium i nordisk frå UiB kvalifiserer for opptak. Studenten må ha avlagt eksamen både på bokmål og nynorsk. Studentar med fullført mastergrad i allmenn litteraturvitskap må supplere med språkdelen av nordisk årsstudium for å kunne reknast som kvalifisert. Studentar med fullført mastergrad i allmenn lingvistikk må supplere med emne frå nordisk litteratur for å kvalifisere. Andre årsstudium/utdanningar blir vurderte etter søknad. 

Norsk som andrespråk: Minimum 60 stp. i faget på 100-nivå. Årsstudium i norsk som andrespråk frå UiB kvalifiserer for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad. 

Religionsvitskap: Årsstudium i religionsvitskap/ religionshistorie eller tilsvarande religionsstudium frå andre institusjonar kvalifiserer for opptak. Inntil 15 stp. av totalt 60 stp. kan alternativt vere innan filosofi, etikk, idéhistorie, livssynskunnskap. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.

Historie: Minimum 60 studiepoeng i historie.

Filosofi: Årsstudium i filosofi frå UiB kvalifiserer for opptak. Ein kombinasjon av filosofi og idehistorie, der filosofi utgjer minimum 30 studiepoeng, kvalifiserer også for opptak. Andre årsstudium/utdanningar blir vurdert etter søknad.