Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Academy of Performing Arts Bratislava (VSMU) blei grunnlagt i 1949, og er den høgast akkrediterte utdannings- og forskingsinstitusjonen innan teater, film, musikk og dans i Slovakia. VSMU tilbyr studier på både bachelor-, master- og phd-nivå.
Bratislava er hovudstaden i Slovakia med rundt ein halv million innbyggarar. Byen ligg heilt lengst vest i landet, rett ved grensa til Austerrike, og er prega av å vere ein kulturell smeltedigel mellom fleire etniske grupper. Bratislava er eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og meir urbane fritidssyslar.a
Bustad
The Academy of Performing Arts (VSMU) har ikkje eigen studentbustad. Studentar kan kontakte VSMU for informasjon om bustad.
Semesterinndeling
Vintersemester: frå midten av september til byrjinga av februar
Sommarsemester: frå byrjinga av februar til slutten av juni