Hjem
Studentsider
erasmus+

Vrije Universiteit Amsterdam og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByAmsterdam
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekkje for studentar på bachelor- og masterprogramma i geovitskap.Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag.

Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane dersom det er fleire søkarar enn plassar. Ver merksam på at du må ha eit karaktersnitt på C eller betre for å bli nominerte til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus-avtalar.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar på bachelorprogrammet i geovitskap, er det anbefalt å legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 6. semester. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Språk

Vrije Universiteit har eit godt tilbud av emnar som undervisast på engelsk innanfor fleire fagområdar.

For utvekslingsstudentar som tek bacheloremne ved Vrije Universiteit er det ikke naudsynt å dokumentere språkkunnskapar. Studentar som er på masternivå, og som ønsker å følje masteremne, må fremvise dokumentasjon på språkkunnskapar i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut på denne avtalen studerer ved the Faculty of Earth and Life Sciences. Her kan ein velje blant fleire emne på bachelornivå med undervisning på engelsk. Ver merksam på at dei fleste emna innan geovitskap kun tilbys i haustsemesteret, og utveksling gjennom denne avtalen er difor i praksis retta mot studenter som vel å reise om hausten.

Vrije Universiteit tillet og at studentar fra UiB tar valemne innanfor andre relevante fagområde enn geovitskap, så fremt dei oppfyllar krava til forkunnskapar. Meir informasjon om utvekslingsprogrammet ved Vrije Universiteit, og oversikt over kurstilbodet på engelsk, finn du på universitetet sine heimesider www.vu.nl/exchange.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon