Hjem
Studentsider
erasmus+

Radboud Universiteit og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByNijmegen
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som tek frie studiepoeng som del av bachelorgraden.

Avtalen kan nyttast av alle bachelorstudentar ved UiB.

Studentar skal ha avlagt 60 studiepoeng før avreise og det er krav om karakteren C i snitt.

Når i studiet kan eg reise

Innanfor studieprogrammet anbefalast studentane å reise ut i 4. eller 5. semester.

Språk

Undervisningsspråk er engelsk.

TOEFL-test er påkravd.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

I tillegg til generelle kurs i kulturantropologi og etnisitet kan studentene ta ei rekke kurs i ulike samfunnsfag frå kjønnsteori til psykologi. Studenten har mulighet til å velge mellom alle dei engelske fagene universitetet tilbyr.

Her er ei lenkje til studiekatalog for internasjonale studenter ved Samfunnsvitenskapelige Fakultet ved Radbound Universitet: http://www.studiegids.science.ru.nl/2014/en/socsci/prospectus/fswects/

Studenten har moglegheit til å velje mellom alle dei engelske faga universitetet tilbyr.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© Radboud University Nijmegen

Informasjon