Hjem
Studentsider
erasmus+

Radboud Universiteit og Institutt for pedagogikk (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByNijmegen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på eit bachelor program i pedgogikk ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor studentar i pedagogikk reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk og nederlandsk.

Språkkrav: B2.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Pedagogikk på lågare og høgare grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© Radboud University Nijmegen

Informasjon