Hjem
Studentsider
erasmus+

Erasmus Universiteit Rotterdam og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByRotterdam
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld kun bachelorstudentar. Avtalen gjeld først og fremst studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisninga føregår i hovudsak på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Studentane kan ta emne på bachelornivå innan samfunnsøkonomi og business. Kurstilbodet kan finnast her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Studenter foran innsjø
Foto/ill.:
© Erasmus Universiteit Rotterdam

Informasjon