Hjem
Studentsider
erasmus+

Erasmus Universiteit Rotterdam og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByRotterdam
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioritert etter historiestudentane. Studenten må ha bestått 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått 60 studiepoeng, kan utreisetidspunktet tilpassast emna i utdanningsplanen din. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisingsspråket er i hovudsak engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar du kan førebu deg språkleg på før utreise, sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe deg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta delar av spesialiseringa di ved dette universitetet, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden din.

Ønsker du å ta delar av spesialiseringa di på utveksling, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng, kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Studenter foran innsjø
Foto/ill.:
© Erasmus Universiteit Rotterdam

Informasjon