Hjem
Studentsider
bilateral

UC College of the Law, San Francisco og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandUSA
  • BySan Francisco
  • Studieplassar1
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til semesterstudier ved UC Law SF må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

Det er kun mogleg å søke utveksling i eitt semester gjennom avtalen med UC Law SF ved fristen i vårsemesteret (1. februar). Dette gjeld og dersom du vil utveksle berre i vårsemesteret i det påfølgande studieåret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved University of California College of the Law, San Fransisco kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du kan og skrive ei oppgåve som kan godskrivast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap. Det er berre mogleg å utveksle gjennom denne avtalen i eitt semester, og du må dermed velge om semesteret skal godskrivast som spesialemne eller masteroppgåve (forutsatt at du har skrive oppgåve som tilsvarer den norske masteroppgåva).

12 credits ved UC Law SF svarar til 30 studiepoeng. Ein tek fag saman med dei amerikanske studentane som går på "College of the Law".

Du kan velje blant dei fleste faga som blir tilbydd som del av dei ulike LLM-programma ved UC Law SF.

Ein kan få godskriving av masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve under opphaldet. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne. Det er mogeleg å skrive ei stor oppgåve som kan tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang gjennom å ta emnet "Independent Study", der du sjølv vel tema og finn rettleiar ved UC Law SF. Det er òg mogeleg å skrive ei oppgåve gjennom å ta eit "Seminar & Research paper" gjennom å delta på clinics (tilsvarende Jussformidlingen), men i slike fag er oppgåva sjeldan så lang som 12 000 ord. Derfor må ein avklara særskild med kursansvarleg om ein kan utvide oppgåva for at ho kan svare til ei norsk masteroppgåve i omfang. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det kan òg være mogleg (på visse vilkår) å utveksle til UC Law SF på LLM-programma. Det er ikkje mogleg å søke overgang til LLM-programmet og utvide studiet frå eitt til to semester undervegs i opphaldet. Dersom du vil returnere til UC Law SF for å fullføre ein LLM-grad på eit seinare tidspunkt, kan du ta med deg emna du fullførte under utvekslingssemesteret inn i LLM-graden og slik fullføre denne på kortare tid enn vanleg. Du må i så fall vende tilbake til UC Law SF innan seks år etter utvekslingssemesteret ditt.

Her kan du få ein virtuell rundtur på campusen til UC Law SF.

Studieavgift

Studieåret 2025/2026 kan fakultetet tilby to (2) gratisplassar for eitt semester gjennom denne avtalen. Gratisplass betyr at ein ikkje betaler skulepengar ("tuition"). Ein må likevel betale enkelte "student fees" som for studieåret 2025/2026 utgjer om lag 760 USD per semester. Dette inkluderer mellom anna Health Services Fee som ein kan prøve å søke fritak for. Les meir om dette nedanfor.

Gratisplassane blir tildelte dei med best loddnummer i loddtrekninga.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Det er ikkje kvart år at fakultetet kan tilby friplass ved dette universitetet, då friplass vert "tent opp" ved at University of California College of the Law, San Fransisco også sender sine studentar til Bergen. Dersom dei ikkje har gjort det blir det ikkje lyst ut friplassar gjennom denne avtala og dermed ikkje mogleg å søke utveksling gjennom denne avtala ved den aktuelle søknadsfristen. Som eit alternativ viser vi i staden til LLM-avtala med same universitet).

Om forsikring
Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved vertsuniversitetet ditt finn du på nettsidene til vertsuniversitet ditt. Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

Studentrapportar

Bilde av bygning
Foto/ill.:
© Hastings College of Law

Informasjon