Hjem
Studentsider
bilateral

Beijing Foreign Studies University og Institutt for sammenliknende politikk (BILATERAL - bilateral)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelornivå
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studenter ved Institutt for samanliknande politikk har fortinn på plassane.

Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passer det best å nytte frie studiepoeng i 4 eller 5 semester, men ein kan og legge opp til opphold for eitt år i heile 2 eller 3 år av graden.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

BFSU er Kinas fremste universitet innanfor språkstudium, og tilbyr undervisning i 76 ulike språk. Universitetet tilbyr i tillegg emne innanfor mellom anna journalistikk, jus, diplomati, politikk og «business administration». Ved School of International Relations and Diplomacy finn ein relevante emne innan statsvitskap med fokus på internasjonal politikk.

Sjå nettsidene til BFSU for meir informasjon.

Studieavgift

Avtalen med BFSU inneber gjensidig utveksling av studentar i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Beijing Foreign Studies University (BFSU) er eitt av dei eldste universiteta i Kina og eit høgt rangert universitet. BFSU tilbyr undervisning i 76 ulike språk. I tillegg vert det undervist mellom anna i internasjonale relasjonar, politikk og juss. Universitetet har opp gjennom åra utdanna mange diplomatar, og er kjent som ¿Cradle of Diplomats¿. Universitetet har i overkant av 7000 gradsstudentar og nærare 1500 internasjonale studentar. Universitetet ligg i Haidian-distriktet sentralt i Beijing, og campus er delt mellom ¿the West Campus» og «the East Campus».

Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.

Bustad

Universitetet tilbyr bustadar for internasjonale studentar på campus. Det er òg mogeleg å finne bustad utanfor campusområdet på eigenhand.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon