Hjem
Studentsider
erasmus+

Lunds universitet og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByLund
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Ps. Grunna pågåande endringer i studieprogramma på medisin ved dei svenske universiteta, er kapasiteten for innreisande studentar begrensa i 2025/2026. Det ser ut som dei skal ha noko plass på MED9 hausten 2025, men ikkje i MED7.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Lunds universitet i sitt 7. eller 9. semester. Det er mogeleg å reise ut enten i haust- eller vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er hovudsakleg svensk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

  • Termin 7 / Klinisk medicin 2 (LÄLM71, LÄMM71, LÄHM71)

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i T7 ved Lunds universitet (LU) er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB, med unntak av psykiatri som du må gjennomføres etter utanlandsopphaldet. Semesteret i Lund inkluderer også dermatologi-venerologi og revmatologi.

  • Termin 9 / Klinisk medicin 4 (LÄLM91, LÄMM91, LÄHM91)

T9 ved LU blir godkjent som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB, med unntak av genetikk som du må gjennomføre ved UiB før eller etter utanlandsopphaldet. Semesteret inkluderer også voksenpsykiatri og barnepsykiatri. Det er ikke mulig å hoppe over disse bolkene selv om du har dekket dem i MED7.

Meir informasjon om emnetilbod og emneplanar kan du finne på denne nettsida:

https://www.medicine.lu.se/study-faculty-medicine/exchange-studies/programmes/medicine/klinisk-termin-inom-lakarprogrammet-svensktalande-ut-bytesstu-den-ter www.med.lu.se/laekarutbildning/om_laekarutbildningen/utbildnings_och_kursplaner

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Lunds universitet

Informasjon